Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Politisk teori og styreformer

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Kurset tar utgangspunkt i vestleg politisk tenking i høve til ei kompleks moderne verd der ulike interesser, verdisyn, demokratisyn og rettferdsoppfatningar står imot kvarandre. Er det i ein slik situasjon mogleg å etablere styreformer og avgjerdsprosedyrar som kan aksepterast av folk flest og som ikkje verkar undertrykkjande på nokon? Har politikk noka meining? Kva for konkrete kriterium kan nyttast for å vurdere eksisterande ordningar for kollektiv avgjerdstaking? Korleis kan framveksten av dei eksisterande styringsordningane, og konfliktar knytt til denne framveksten, bli forstått og forklart?

Kurset gir ein introduksjon til omgrep og idear innan politisk teori, demokratiteori og politisk analyse, og svarer til innføring i politiske teori innan statsvitskaplege fag. Særleg vil moderne demokratiproblem bli vektlagt og studentane skal setjast i stand til å kritisere og analysere ulike styreformer, inkludert vår eiga. Målet er å kritisk kunne analysere ut frå ulike teoretiske og normative posisjonar. Studentane skal kunne bruke dette i arbeidet med praktiske samfunnsvitskaplege problemstillingar, dels for å kunne formulere interessante problemstillingar, dels for å forstå grunngjevinga, og for å vere i stand til å stille seg kritisk til eksisterande politiske prosessar og strukturar.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten

  • kjenner til den grunnleggjande oppbygginga av liberale demokrati og grunngjevingar knytt til det politiske systemet, den utøvande makta, rettsstaten, det sivile samfunnet, den offentlege sfæren, velferdsstaten og marknaden.
  • Kan presentera sentrale omgrep og kritikk knytt til det normative grunnlaget for den demokratiske rettsstat.
  • Kan skilja mellom rettar knytt til den private og den offentlege autonomi

Ferdigheter

Studenten kan

  • Forklara og kritisk analysera institusjonelle strukturar, argumentasjonsformer og aktuelle politiske prosessar i eit demokrati.
  • Gjera kritiske vurderingar av kollektiv avgjerdstaking der ulike instrumentelle, moralske og etiske ynskje eller oppfatningar står mot kvarandre.

Generell kompetanse

 Studenten kan

  • analysera politiske institusjonar og politiske avgjerdssprosesser i lys av politisk teori.
  • planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som deltaker i gruppe , og i tråd med etiske krav og retningsliner.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

AORG100

Krav til studierett

Ope for studentar med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-16 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk arbeidskrav i form av ei gruppeoppgåve 2500 ord (+/-10%). Oppgåva må være godkjent før eksamen kan avleggast. Arbeidet med oppgåva vert organisert i seminargrupper. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Institutt

 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    25.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    11.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
    • Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), Eksamenslokale 3. etg.