Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Politisk styring og organisering

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte hovudtema i studiet av forholdet mellom politikk og organisasjon. Undervisninga skal gje innsikt i forsking, funn og tolkingar i studiet av politisk styring, makt og demokrati, og styrke di evne til å nærma deg problemstillingar omkring desse tema på ein sjølvstendig og kritisk måte. Emnet skal gi deg eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.

Sentralt i emnet står forholdet mellom politikk og organisasjon slik dette artar seg på ulike styringsnivå: på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og i relasjonar mellom dei ulike nivåa. Det vert fokusert på ulike organisasjons- og reguleringsformer, dei kunnskapsmessige føresetnader som politisk styring er tufta på og konsekvensar av desse.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten kan:

  • gjera greie for politiske institusjonar, politisk styring og regulering og ulike former for politisk organisering
  • Forklara kva teoriar om innovasjon og læring ein byggjer på i ulike former for offentleg og privat verksemd

forstå nye former for politisk makt, organisering og styring i ulike samfunn og ha oversikt over nyare forsking, tenkjemåtar og debattar i studiet av politikk

  • Identifisera og forklara den rolla borgarar / klientar / forbrukarar har i politiske styringssystem

Ferdigheter

Studenten kan:

  • Vurdera kva teoriar om læring og innovasjon som vert lagde til grunn i offentleg og privat verksemd.
  • Drøfta utfordringar og problem for styring og regulering i lys av teoretiske bidrag på feltet
  • innhenta og vurdera informasjon om institusjonar, styring og reguleringsproblem.
  • analysera heilskapen i eit styringssystem slik det inkluderer både offentlege, private og kommersielle deltakarar.

Generell kompetanse

Studenten kan..

  • formidla sentralt fagstoff skriftleg og munleg igjennom eige arbeid og presentasjonar.
  • kommentera og gi tilbakemelding på skriftlag arbeid.
  • Bruka, gjennom obligatorisk essay, den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av ulike former for politisk styring og organisering.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG105/AORG107

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesning og seminarsamling

Om lag ei førelesing i veka. Nokre veker er førelesninga i seminarform.

Om lag 12 - 16

Omkring 14 samlingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent obligatorisk essay inntil 2500 ord, par-essay 3500 ord (+/- 10%). I tilknyting til essayet er det og ein obligatorisk munnleg presentasjon og kommentering av ein annan student sin presentasjon. Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4-timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    12.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    21.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    07.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen