Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Organisasjonsteori

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte sentrale hovudtema i organisasjons- og institusjonsteori med fokus på analyse av organisasjon og tiltak i ulike sektorar i samfunnet. Emnet skal styrkje dine evner til å anvende ulike teoretiske perspektiv samt fremje sjølvstendig tenking andsynes organisasjonsproblem og organisasjonsløysningar. Emnet skal gi deg eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.

Emnet skal kaste lys over nyare organisasjonstenking, og korleis denne har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer og organisasjonsmåtar. Undervisninga er basert på ein kombinasjon av sentrale artiklar og empirisk orienterte studiar.

Emnet byggjer på AORG101 Organisasjonsteori og etablerar nye kategoriseringar og nye måtar å forstå organisatoriske strukturer og prosessar på.

Læringsutbyte

Kunnskaper

 Studenten kan

  • Gi ei oversikt over forsking innanfor utvalde sentrale hovudtema i organisasjons- og institusjonsteori med fokus på analyse av organisasjon og tiltak i ulike sektorar i samfunnet.
  • gjera greie for nyare organisasjonstenking og korleis denne har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer og organisasjonsmåtar.

Ferdigheter

 Studenten kan

  • drøfta og kritisk vurdera reformforslag og organisasjonsedringar
  • reflektera over ulike tilnærmingar til analyse av organisasjonar og tiltak

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg igjennom eige arbeid og presentasjonar.
  • Kommentera og gi tilbakemelding på skriftleg arbeid.
  • Bruka, gjennom obligatorisk essay, den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av utvalde tema innan organisasjons- og institusjonsteori.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesning og seminarsamling

Om lag ei førelesing i veka. Nokre veker er førelesninga i seminarform.

Om lag 12 - 16

Omkring 14 samlingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend obligatorisk essay inntil 2500 ord, par-essay 3500 ord (+/- 10%). I tilknyting til essayet er det og ein obligatorisk munnleg presentasjon og kommentering av ein annan student sin presentasjon. Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensning

Vurderingsformer

4-timers skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    12.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    21.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    07.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen