Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Målet med bacheloroppgåva er å gi deg ei forståing av korleis teoretiske perspektiv og empirisk materiale vert knytt saman i eit forskingsarbeid, og å gi deg trening i å utarbeide eit sjølvstendig skriftleg arbeid under rettleiing.

Bacheloroppgåvekurset er innhaldsmessig fokusert kring sentrale aspekt ved oppgåveskriving:

  1. Formelle krav: Korleis ser ei bacheloroppgåve ut? Kva formelle krav vert stilt?
  2. Problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen. Korleis går ein fram for å skrive oppgåva? Kurset skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid.
  3. Grunnleggande design og forskingsmetode.

Oppgåvetema og problemstilling for bacheloroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematiske fordjupingsemna på 200-nivå som det til ei kvar tid vert undervist i ved instituttet. Dersom studenten ikkje føljer slik undervisning så kan det etter søknad bli opna for unntak, men då i samråd med instituttet.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten kan:

  • Formulera ei klar og avgrensa fagleg problemstilling,
  • Gjera greie for ulike metodiske innfallsvinklar til å svara på ulike problemstillingar

Ferdigheter

Studenten kan:

  • Klargjera sentrale omgrep og gjera greie for teoretiske grunnlag og empirisk kunnskap på ein sjølvstendig og reflektert måte.
  • Gjennomføra, med utgangspunkt i relevant litteratur på faget, eit vitskapleg resonnement og strukturera eit forskingsarbeid innafor ramma av ein vitskapleg sjanger.
  • Samla inn og kritisk vurdera informasjon frå ulike kjelder

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Argumentera og nytta eit empirisk materiale og trekkja rimelege konklusjonar om problemstillinga på grunnlag av den teori og metode som er vald.
  • Formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg igjennom eige arbeid og presentasjonar.
  • Kommentera og gi tilbakemelding på andre sitt faglege arbeid.

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng innanfor spesialiseringsemne i bachelorgraden administrasjon og organisasjonsvitenskap. MET102 må vera eit av emna.

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, MET102, AORG104 og AORG103/AORG105/AORG107

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing.

Omfanget kan variere med talet på oppmelde studentar. Semesterplan blir offentleg ved semesterstart.

Studentar som allereie har fått tilbod om rettleiing i AORG250 eit semester, har ikkje krav på ny rettleiing i seinare semester. Dette gjeld både studentar som tek emnet om igjen og studentar som utset eksamensinnleveringa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levera inn rettleiingskontrakt til fastsatt frist.

Studentane skal leggja fram eit skriftleg utkast til bacheloroppgåve og kommentera eit tilsvarande utkast frå ein medstudent på rettleiingsseminaret.

Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avleggast. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt påfølgjande eksamenssemester.

Vurderingsformer

Individuell skriven innlevering av bacheloroppgåve 8000 ord (+/- 10% )

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

10 studiepoeng mot AORG202

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    08.12.2017, 14:00
    Trekkfrist
    24.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen