Gå til innhold
English A A A
Emne AORG320

Organisasjon og politikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår og haust. Fom. haust 2012 kun haust.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Vår: Norsk

Haust: Norsk og engelsk

Læringsutbyte

Studentane har tileigna seg ein oversikt over nyare forsking innan organisasjonsteori og offentleg politikk og korleis desse felta kan kombinerast. Vidare her dei utvikla eit sjølvstendig og kritisk forhold til kurslitteraturen gjennom eit undervisningsopplegg som kombinerer førelesingar og seminarformatet som medfører skriving, presentasjon og diskusjon av essays. Læringsutbyttet her er studenten si evne til å drøfte og nytte emnet sitt innhald ved eksamen og arbeidet med masteroppgåva.

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Undervisningssemester

Vår og haust. Fom. haust 2012 kun haust.

Undervisningsspråk

Vår: Norsk

Haust: Norsk og engelsk

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap

Mål og innhald

Føremålet med emnet er å hjelpe deg til å forstå og analysere forholdet mellom organisasjon og offentleg politikk på ein sjølvstendig og kritisk måte. Utvalte teoritradisjonar og diskursar i kvar av desse områda er sentrale, men hovudvekta ligg på den forskingstradisjonen som studerer relasjonar mellom dei. Emnet skal formidle empirisk basert kunnskap om maktforhold i og mellom organisasjonar i ulike sektorar av samfunnet.

Emnet er bygd opp omkring tre sentrale sider ved faget:

  1. Faget sin historie, sentrale tema, teoriforankring og klassiske bidrag,
  2. Organisasjonsteorien sin historiske utvikling og institusjonalisering av ulike skuleretningar og sentrale relaterte diskursar,
  3. Ulike analysetradisjonar og tilnærmingar til studiet av offentleg politikk, makt og organisasjon.

Læringsutbyte/resultat

Studentane har tileigna seg ein oversikt over nyare forsking innan organisasjonsteori og offentleg politikk og korleis desse felta kan kombinerast. Vidare her dei utvikla eit sjølvstendig og kritisk forhold til kurslitteraturen gjennom eit undervisningsopplegg som kombinerer førelesingar og seminarformatet som medfører skriving, presentasjon og diskusjon av essays. Læringsutbyttet her er studenten si evne til å drøfte og nytte emnet sitt innhald ved eksamen og arbeidet med masteroppgåva.

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103/AORG105/AORG107, AORG209/AORG210

Undervisning og omfang

Seminar og førelesingar

Obligatoriske arbeidskrav

Presentasjon av eit kortare essay om eit pensumrelatert tema. I tillegg skal du minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student.

Vurderingsformer

Skuleeksamen og heimeeksamen (½ + ½)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no