Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Teknologileiing

Studienivå (studiesyklus)

Vidareutdanning

Undervisningssemester

Haust/vår

Mål og innhald

Studiet i teknologileiing skal gi grunnleggjande og generell innføring i organisasjon og leiing av verksemder prega av teknologi og som er konkurranseutsette og kundeorienterte.

Opplegget skal trene studentane i å tenke analytisk omkring eigen arbeidspraksis med utgangspunkt i moderne organisasjonsteori og utvikle evne til å sjå og føreslå konkrete forbetringstiltak på felt der dette er aktuelt. Utveksling og diskusjon av erfaringsmateriale er ein viktig del av læringsprosessen. Gjennom dette arbeidet ønskjer ein og å fremme studentanes generelle evne til å tematisere og kommunisere om slike erfaringar.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten kan:

  • gjera greie for kor viktig, organisasjon, organisering og leiing er på alle nivå og samanhengar i norske produksjonsverksemder.
  • forklara sentrale tema som: organisasjonsformer, leiing, vedtaksprosessar, endring, tilpassing, innovasjon, kommunikasjon, læring og strategitenkning.
  • demonstrera kunnskap og innsikt i kva moderne organisasjonsteori er mht. sentrale omgrep, aktørar, prosessar, generelle rammevilkår samt relevante analytiske og teoretiske forståingsrammer

 

Ferdigheter

Studenten

  • kan forklara dei allmenne kulturelle, organisatoriske, politiske og samfunnsmessige rammene for organisasjon og leiing og drøfta relevansen av dette (både som moglegheit og utfordringar) sett opp mot si eiga verksemd.
  • har utvikla god generell organisasjonsfagleg kompetanse og kan bruka denne i ein praktisk samanheng i tilknytning til eiga verksemd når det gjeld tema som t.d. leiing, organisering, strategi analyse, omstilling og endringsprosessar mm.

Generell kompetanse

 Studenten

  • kan tenke analytisk omkring eigen arbeidsplass med utgangspunkt i organisasjonsteori. Til dømes kan kandidaten nytte SWOT analyse på eigen organisasjon til å identifisere problem og utfordringar samt føreslå konkrete forbedringstiltak der dette er aktuelt.

Krav til forkunnskapar

Medlemmer av FTL med formell studiekompetanse eller såkalla realkompetanse.

Studentane tas opp på bakgrunn av forkunnskapar og erfaringar i arbeidslivet som vurderast som naudsynte og relevante for å nyttiggjøre seg studietilbodet. Ansvarlege for opptaket er IAO. Det tildeles avgrensa studierett. Dette inneber at retten til å studere ved universitetet er kopla opp mot dette studietilbodet.

Krav til studierett

Lukka (Emnet er for studentar som følg etter- og vidareutdanningstilbodet til Forbundet for leiing og teknikk)

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er basert på standardisert læringsmateriale med tillegg av norsk tilpassa studiemateriale og gjennomførast hovudsakeleg som et fjernundervisningsopplegg via en elektronisk læringsplattform med innsending av oppgåveløysningar og deltaking i diskusjonsgrupper som krav. I tillegg vil det bli tre samlingar på tre dagar med erfaringsutveksling, kommunikasjonstrening gjennomgang av fagstoff. Studiet går som deltidsstudium over eit semester.

Samlingane vil fokusere på tre hovudtema: organisasjonsteori, ledelsesteori og teamorganisering. Dagen før eksamen arrangeras det et eksamensseminar kor studentane forbereder seg til eksamen gjennom gruppearbeid og oppgåveløysing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Etter kvar samling får studentane utlevert ei obligatorisk skriftlig oppgåve. Dei har omlag 14 dagar på å svara på denne. Alle oppgåver må være ¿bestått¿ før studenten får gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen ved Universitetet i Bergen.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Utvalgte kapitler fra fagbøkene:

- Strand, T. 2010: Ledelse, organisasjon og kultur. 2.utg. Bergen: Fagbokforlaget

- Jacobsen, D.I. og J. Thorsvik. 2013. Hvordan organisasjoner fungerer. 4.utg. Bergen: Fagbokforlaget.

- Assmann, Rune. 2008. Teamorganisering. Bergen: Fagbokforlaget.

I tillegg kommer lærestoff på AddiscoLearning. Studentene får tilsendt pensumbøkene før første samling.

Emneevaluering

Studentene evaluerer hver samling. Etter gjennomføringen samles alle evalueringene i en rapport som sendes til foreleserne og oppdragsgiver.

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Koordinator:ole.h.vik@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    04.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    20.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen