Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Forvaltningspolitikk - Medverknad, styring og autonomi

Studienivå (studiesyklus)

Vidareutdanning

Undervisningssemester

Ujamnt

Mål og innhald

 I løpet av dei siste 20-25 åra har det blitt utvikla ein aktiv forvaltningspolitikk i den norske statsforvaltninga, prega av ein effektivitetstankegang og med vekt på marknads- og management, mål- og resultatstyring og fristilling.
Kurset skal medverka til å kartleggja og analysera forvaltningspolitikken og dei aktuelle organisasjonsformene i offentleg sektor. Det vil bli drøfta kva som meinast med forvaltningspolitikk og vilkår for å driva ein aktiv forvaltningspolitikk. Ulike perspektiv på reform og endring vil bli gjennomgått. Siktemålet er å auka kunnskapsgrunnlaget om alternative organisasjonsformer i offentleg sektor, om effektane av administrative reformer og om korleis ulike organisasjonsformer blir til og endrar seg. Eit sentralt tema er spenningsforholdet mellom aktiv folkevalt styring, administrativ kontroll og tilsette sin medverknad. Tilpassing til internasjonale forvaltningspolitiske doktrinar, slik dei mellom anna kjem til uttrykk gjennom New Public Management, og til etablert forvaltningstradisjon og kultur vil også bli tatt opp.
Med forvaltningspolitikk meinast medvitne forsøk på å endra innhaldet i offentleg politikk gjennom endringar i formelle strukturar, prosessar, prosedyrar eller personale. Det kan skiljast mellom tre gjensidig samanhengande delar av forvaltningspolitikken:

I Strukturorientert, med fokus på fristilling og endringar i tilknytingsformer

II Prosessorientert, med fokus på mål- og resultatstyring

III Personalorientert, med fokus på leiing og tilsette sin kompetanse

Dette kurset vil ha eit særleg fokus mot kva strukturorienterte, prosessorienterte og personalorienterte implikasjoner forvaltningspolitikken i dei siste 20-25 åra har hatt i offentleg sektor. Ein aktiv forvaltningspolitikk inneber for det første eit spørsmål om styringsevne og makt. Kven er dei sentrale forvaltningspolitiske aktørane? Førestellinga om regjeringa og Stortinget sin instruksjons- og organisasjonsrett må haldast opp mot tilsette sin medverknad og makt forankra i ulike profesjonar, forvaltningsorgan og interesseorganisasjonar.

For det andre føreset ein aktiv forvaltningspolitikk at det finst klare mål og ei klar mål-middelforståing. Kva visjonar og program finst og kva verkemiddel blir tatt i bruk? Kor tett er koplinga mellom mål og middel?

Ei tredje viktig side ved forvaltningspolitikken er kva effektar, konsekvensar og implikasjoner den har. Spelar det noko rolle korleis ein organiserer forvaltninga? Kva er effektane av endringar i denne organiseringa? Effektar er ofte noko som blir lovt eller er forventa men kor det er vanskelegare å påvisa klare og sterke samanhengar mellom endringar i organisasjonsformer og samfunnsmessige verknader.

Ei fjerde side ved forvaltningspolitikken som blir tatt opp er den normative. Bidrar reformene til at utviklinga går i rett eller gal retning? Kva er kriteria for godt og dårleg, for positiv og negativ utvikling? Har ulike grupper og aktørar ulike suksesskriterier og i kva grad er standardene klare og utvitydige eller uklare kompromiss mellom kryssande krav og omsyn? Kurset vil også gi kjennskap til mål- og resultatstyring gjennom budsjettet, samhandling mellom forvaltningsnivå, mellom politikk og byråkrati, og fagforeininga si rolle og innverknad i prosessen.

To grunnleggjande utgangspunkt er viktig for eit studie av reformer i offentleg sektor. For det første at slike prosessar inngår i eit politisk-administrativt styringssystem underlagt folkevalt styring og kontroll. For det andre at dei blir utforma og gjennomført i eit multifunksjonelt forvaltningsapparat som utgjer ei kompleks blanding av aktørar, oppgåver, forventningar, omsyn, prinsipp, interesser, ressursar og reglar. I ein viss grad vil vi også framstilla og forklara kva endringar som har skjedd i budsjettarbeidet i staten dei siste 15 åra med innføring av rammebudsjettordningar, endringar i løyvingsreglementet og innføring av nytt økonomistyringsreglement i staten.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten:

  • Har grunnleggjande kjennskap til det statsvitskapelege studiet av forvaltningspolitikk, og til dei sentrale tema, teoriar, problemstillingar, og teoretiske tilnærmingar innanfor fagområdet.
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet, og kan oppdatera denne kunnskapen.
  • Har kunnskapar om forvaltningspolitikk og vilkår for å driva ein aktiv forvaltningspolitikk.
  • Har auka kunnskapsgrunnlaget sitt om alternative organisasjonsformer i staten, effektane av administrative reformer og korleis ulike organisasjonsformer blir til og endrar seg.
  • Har innsikt i spenningsforholdet mellom aktiv folkevald styring, administrativ kontroll og tilsette si medbestemming.

 

Ferdigheter

Studenten:

  • Kan bruka og vera kritisk til kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på aktuelle problemstillingar og kan ta fagleg grunngjevne avgjerder og val.
  • Har lært å læra, og kan gjennom dette reflektera over eiga faglig utøving og justera denne under fagleg rettleiing.
  • Kan finna, vurdera, og vera kritisk til informasjon og fagstoff og framstilla dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
  • Meistrar relevante faglege tilnærmigar, analytiske rammeverk og uttrykksformer.

Generell kompetanse

 Studenten:

  • Kan kombinera kompetanse frå arbeid i eigen organisasjon med allmenn og teoretisk videreføring på sentrale problemområde.
  • Kan planleggja og gjennomføra analytiske arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe innanfor gitte krav og faglege problemstillingar.
  • Har utvikla gode grep for effektiv læring, og kan sortera og vurdera informasjon og kunnskap på ein kritisk måte.
  • Kan formidla sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, og kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god organisasjons- og prosessforståing.

Interesseskapende samarbeid

Det er en viktig målsetting at Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap gir tiltaket en form som stimulerer til vidare studiar og som har bred appell til tillitsvalte og medlemmer. Det skal være interessant for en sammensatt student- og målgruppe. Det vil si tillitsvalte og nye medlemsgrupper på ulike utdanningsnivå, men også beslutningstakerne i forbundene og hos arbeidsgivarane.

Studentane skal særlig bidra med problemstillingar og erfaringar frå sin daglige arbeidspraksis og verkelegheit. UiB bidrar med forskningsbasert undervisning som blant anne vil belyse ulike teoriar, modeller og analytiske redskaper for å forstå og forklare ulike typar av problemstillingar.

Krav til forkunnskapar

 Studiet er lagt til rette for lærande med og utan allmenn studiekompetanse. Det vil seia at også studentar utan vidaregåande skule eller tilsvarande kan søkja om opptak. 

Studentane blir tatt opp på grunnlag av forkunnskapar og erfaring frå arbeidslivet som blir rekna som nødvendige/relevante for å nyttiggjera seg studietilbodet. Det blir innvilga avgrensa studierett. Dette inneber at retten til å studera ved universitetet er knytt opp mot dette studietilbodet.

Arbeids- og undervisningsformer

 Læringsformer

Studietilbodet er basert på tre sentrale læringsformer: samlingar, IKT-støtta læring og sjølvstudium.

Allment

Gruppe- og studentaktivitet vs forelesingar

Graden av studentstyring aukar utover i programmet. Første samling vil minna ein god del om den tradisjonelle studieforma, med forelesinga som utgangspunkt. Etter kvart vil forelesingane bli meir dialogorienterte, og drøftinga av dei teoretiske bidraga bli styrt av dei problemstillingane studentane tar opp.

Studenten si førebuing og deltaking

Det blir forventa at studenten har gjort seg kjent med pensum relevant for samlingane. Til 2. og 3. samling blir det forventa at studenten har arbeidd aktivt med stoffet og tatt del i studentdrivne aktivitetar (kollokvier/IKT-støtta læring).

Samlingar

Samlingane har to hovudaktivitetar: ulike former for forelesingar og ulike former for gruppearbeid. Forelesingane er bygde opp som dialogundervisning ved at studentane får høve til å kommentera og kritisera stoffet som blir lagt fram. Dermed blir erfaringane til studentane brukt som ein ressurs i undervisninga, samtidig som forelesaren får høve til å drøfta eigne forskingsresultat og hypotesar med ei særleg kompetent forsamling. Om læringsprosessen skal bli vellukka, må likevel studentane si deltaking i undervisning bli knytt til ei opplæring i analytisk og kritisk tenking. Omgrep og teoriar frå pensum må nyttast på sentrale problemområde i studiet i tillegg til at dette setter eigne erfaringar og arbeidsoppgåver i perspektiv. Ved eksamen vil evne til sjølvrefleksjon bli premiert. Resultata som studentane produserer i samlingane vil kunne delast av deltakarane via den felles nettstaden som blir utvikla dynamisk gjennom studiet.

Mellom samlingane

Aktivitetene mellom samlingene er frivillige, men det blir forventa at studenten gjennomfører sjølvstudium, og tar del i felles aktivitetar, anten som fysiske møte eller ved bruk av IKT.

Sjølvstudium

Det blir stilt store krav til studentane om aktiv medverknad i undervisninga, men også disiplinert sjølvstudium. Det blir føresett at deltakarane følgjer studieprogresjonen gjennom oppmøte til undervisning, gruppearbeid og rettleiing. Studentane utviklar i samlingane ulike dokument og andre resultat som vil vera til støtte i periodane mellom samlingane. På grunn av den utstrakte bruken av IKT vil studentane ha tilgang til eige materiale frå samlingane under gjennomføringa av aktivitetane mellom samlingane.

Studentorgansierte fellesaktivitetar

Når fysiske møte er vanskelege bør studentane nytta seg av ulike teknikkar for å utveksle synspunkt. Dersom ein nyttar IKT-støtta læring kan somme av ulempene med lange fysiske avstandar bli kompenserte for.

Sjølvvalt pensum

I samanheng med desse kursoppgåvene skal studentane sjølv velja ut delar av litteraturen og leggja denne opp som sjølvvalt pensum. Det sjølvvalte pensumet skal vera på om lag 250 sider og må godkjennast av fagansvarleg/rettleiar før eksamen.

IKT-støtta læring

Tilrettelegginga av dette studiet tar utgangspunkt i eit læringssyn som legg vekt på nærleik til arbeidsplassen og effekten av å dela kunnskap for å utvikla ny kunnskap. Med nærleik til arbeidsplassen er meint sjansen for å bringa inn problemstillingar, spørsmål og svar henta frå eigen eller andre sin kvardag til beste for læringsmålet. Å dela kunnskap - og dermed å utvikla kunnskap i fellesskap - er vurdert som meir effektivt enn berre eit sjølvstudium. Også av den grunn vil studentane bli samla i eigna samlingar, samt få høve til å kunna utnytta IKT til dialog mellom samlingar. Studentane vil få høve til å ta vare på resultat i digital form under studiet, slik at de kan nyttast og utviklast gjennom heile studiet.

Føresetnader for nettbasert informasjonstilgang og dialog

I samband med samlingar vil studentane få tilgang til moderne og læringsorientert IKT. Bruken av og resultata frå desse vil studenten kunne ha nytte av også mellom samlingane. Den interaktive delen mellom faglege ansvarlege og studentane gjeld i første rekkje rettleiing og spørsmål/dialog.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen må studenten ha levert inn ei kursoppgåve vurdert til bestått. Kursoppgåva kan løysast individuelt eller i grupper. Samansetjinga av gruppa blir avtalt med faglærar.


Moglege kursoppgåver vil bli oppgitt, men studentane kan også sjølve velja tema i samråd med fagansvarleg. I samband med dette definerer gruppene ei problemstilling og viser at medlemmene kan nytta dei perspektiva som er knytt til studietilbodet relatert til eigen arbeidsplass/organisasjon innanfor ramma av 15 studiepoeng.
Oppgåver som blir skrivne i grupper bør ha eit omfang på om lag 10 000 ord( +/- 10%) , medan individuelle oppgåver bør ha eit omfang på om lag 5000 ord ( +/- 10%)..

Det er knytt rettleiing til løysing av kursoppgåva. Rettleiinga vil foregå på to måtar: Hovudrettleiinga blir gitt individuelt eller i grupper på samlingane. Utanom samlingar vil vidare oppfølging av kursoppgåver skje kollektivt på nettet, samt at gruppevis eller individuell rettleiing kan bli gitt etter avtale.

Vurderingsformer

 Studietilbodet blir avslutta med ein 5 timars skuleeksamen ved Universitet i Bergen.

Karakterskala

Ved vurderingen brukes karakterskalaen fra A - F.

Vurderingssemester

Ujamnt

Litteraturliste

 Studietilbodet er basert på at studentane har tilgang på PC med tilkopling til internett. Elementær kjennskap til bruk av PC blir føresett.

Emneevaluering

Studietilbodet blir evaluert skriftleg etter gjennomført eksamen. Resultatet av evalueringa blir lagt fram for styringsorgan ved instituttet.

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Prosjektleiar: Førsteamanuensis Dag Runar Jacobsen
Fagansvarleg ved instituttet: Professor Per Lægreid

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg prøve

    Dato
    01.12.2017, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    17.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen