Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Organisasjon, demokrati og innovasjon (ODIN)

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeAORG613
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Vidareutdanning

Undervisningssemester

Ujamnt

Mål og innhald

 Reformer, endringar og læring i organisasjonar kan knytast til ei førestelling om innovasjon. I dette studiet blir fokuset retta mot dei demokratiske utfordringane og innovative alternativa som ligg i framveksten av ulike organisasjons- og styringsformer i kjølvatnet av moderniserings- og fornyingsarbeidet i offentleg sektor.

Den samfunnsstyrande staten, velferdsstaten og forhandlingsstaten har blitt utfordra av nye forståingar av staten si rolle. I dag blir det ofte snakka om reguleringsstaten, nettverksstaten, og fleirnivåstaten. Samtidig blir gode sider ved byråkratiet oppdaga på ny i kjølvatnet av ¿New Public Management¿.  Innovasjon må tolkast innanfor ein kontekst av institusjonar som mogleggjer både det at noko kan seiast på førehand og å vera fleksibelt. Slike organisasjons- og styringsformer kan representera moglege organisasjonsmessige nyvinningar.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten:

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, og teoretiske tilnærmingar innanfor det statsvitskaplege fagområdet knytt til organisasjon, demokrati og innovasjon.
  • Har kjennskap til korleis organisasjonsformer og prosessar kan tolkast i lys av statsvitskaplege grunnomgrep og innsikt knytt til demokrati, makt og politikk.
  • Har forståing for korleis statsvitskap, demokratiteori og organisasjonsteori er eit alternativ til den økonomisk-instrumentelle forståinga av innovasjonar i samfunnslivet og omstilling i offentleg sektor, særleg gjennom eit omgrep om "governance".
  • Har innsikt i demokratiske utfordringar og innovasjonspotensiale som ligg i framveksten av alternative organisasjons- og styringsformer i kjølvatnet av moderniserings- og fornyingsarbeidet i offentleg sektor.
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet, og kan oppdatera denne kunnskapen.

 

Ferdigheter

Studenten

  • Kan gjennomføra analysar med utgangspunkt i sentrale problemstillingar og teoretiske perspektiv i ulike tilnærmingar til studiet av governance.
  • Kan finna, vurdera, og vera kritisk til informasjon og ulike teoretiske perspektiv og framstilla dette slik at det kastar lys over ei problemstilling, og kan bidra med sjølvstendig tenking og kreativitet i løysing av konkrete organisasjonsproblem.
  • Kan reflektera over eiga fagleg utøving og justera denne under fagleg rettleiing.
  • Skal kjenna til og kunna diskutera forvaltingspolitiske og organisatoriske idear og konsept, samt vilkåra for nytenking og innovasjonsprosessar i offentleg sektor i ein demokratisk kontekst.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan vera kritisk til ulike teoretiske perspektiv, og utvisa sjølvstendig tenking og kreativitet i løysinga av konkrete organisasjonsproblem.
  • Har utvikla gode grep for effektiv læring både gjennom sjølvstendig arbeid og i samarbeid med andre.
  • Kan planleggja og gjennomføra analytiske arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid innanfor gitte krav og faglege problemstillingar.
  • Har auke evna si til å sortera og vurdera informasjon og kunnskap på ein kritisk måte.
  • Kan formidla sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, og kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god organisasjons- og prosessforståing.

Krav til forkunnskapar

Allmenn studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

AORG 602 Organisering, læring og endring ("OLE") - 15 studiepoeng
AORG 607 Forvaltningspolitikk - 15 studiepoeng

Arbeids- og undervisningsformer

Kurset er fordelt på 6 samlingar samt jobbing på nettet og gruppearbeid.

  • Fysisk arena (førelesingar, fagleg dialog, gruppe/individuelt arbeid, rettleiing) - 6 samlingar x 3 dagar.
  • Nettarena - faglege aktivitetar (debatt og oppgåve) og rettleiing av oppgåver på internett (Kark).

Heimeeksamen blir utlevert på siste samling.

Studiet er godkjent som eit OU-kurs, det vil gå over 2 semester, og vil gi 30 studiepoeng. Tidlegare deltakarar på Forvaltningspolitikk (AORG 607) slepp nå å dokumentera og senda inn vedlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen må studentane ha levert inn to godkjende debattinnlegg og to godkjende oppgåver. Studentane må sjølve velja under kva tema dei skal skriva debattinnlegg og oppgåve. Dei tema som blir valde for debattinnlegg kan det ikkje skrivast oppgåve innanfor, og motsett.

Moglege oppgåver vil bli oppgitt, men studentane kan også sjølve fastsetja tema i samråd med fagansvarleg. Siktemålet med studiekrava er at studentane skal få trening i å bruka faget, og dermed visa at dei kan nytta dei perspektiva og omgrepa som er knytt til studietilbodet. Oppgåvene skal leverast individuelt, og ha eit omfang på 3500 ord (+/- 10 %)

I samanheng med oppgåvene skal studenten sjølv velja ut delar av litteraturen og leggja denne opp som sjølvvald pensum. Det sjølvvalde pensumet skal vera på om lag 150 sider og må godkjennast av fagansvarleg/rettleiar før eksamen.

Vurderingsformer

Studietilbodet blir avslutta med eksamen i form av ei 5 vekers heimeoppgåve på 8.000 ord (+/- 10 %) (2/3 av samla karakter). I tillegg vel kvar student eit av oppgåvesvara for vidare omarbeiding/utvikling til 5.000 ord (+/- 10 %). Dette arbeidet blir levert inn før siste samling og blir vurdert saman med heimeoppgåva (1/3 av samla karakter). Det vil seia at mappe/individuell oppgåve er ein integrert eksamen.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Ujamnt

Litteraturliste

 Studietilbodet er basert på at studentane har tilgang på PC med tilkopling til internett. Elementær kjennskap til bruk av PC blir føresett.

Emneevaluering

Emnet blir kontinuerleg evaluert i slutten av kvar samling av studentar og faglærarar, men det blir lagt særleg vekt på evaluering under siste samling.

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Fagansvarleg ved instituttet: Professor Per Lægreid

Prosjektkoordinator og kontaktperson: Førsteamanuensis Dag Runar Jacobsen, Dag.Jacobsen@aorg.uib.no