Gå til innhold
English A A A
Emne ARA101

Innføring i moderne standard arabisk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 30
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Etter fullført emne blir det venta at studentane skal kunne syna at dei har rimeleg til god kjennskap til dei grunnleggjande elementa nemnte under "Mål og innhald" ovanfor. Prinsipielt skal dei på grunnlag av emnet kunne halda fram med studiet av språket i eit arabisktalande land.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som treng intensiv grunnopplæring i moderne skriftleg standardarabisk. Studentane skal skaffa seg hovudlinene i moderne arabisk grammatikk ved bruk av norske termar og omgrepsapparat til grammatisk analyse. Studentane skal læra arabisk uttale, oppnå ein viss lese- og skrivedugleik, og kunne føra ein enkel samtale på språket. Målet er at ordforrådet studentane skal skaffa seg vil være på om lag 400 ord. Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne blir det venta at studentane skal kunne syna at dei har rimeleg til god kjennskap til dei grunnleggjande elementa nemnte under "Mål og innhald" ovanfor. Prinsipielt skal dei på grunnlag av emnet kunne halda fram med studiet av språket i eit arabisktalande land.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det blir tilrådd at studentar som ønskjer ARA101 som del av bachelorgraden sin, særleg dei som har lita røynsle med framandspråk, tek ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon. Arbeid med det arabiske alfabetet før semesterstart kan være til stor hjelp. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Undervisning og omfang

Innføringsemnet i arabisk er eit heiltidsstudium som omfattar minst 12 kontakttimar i veka i 14 veker med aktiv undervisning. To prøveeksamenar på 3 timar er også inkluderte i opplegget. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 174.

Emnet tel tre komponentar som kvar har 4 timar undervisning i veka. Komponent 1 inneheld førelesingar i moderne arabisk grammatikk. Komponent 2 inneheld førelesingar med ulike skriftlege øvingar i omsetjing frå norsk eller engelsk til arabisk og andre grammatiske oppgåver. Komponent 3 inneheld førelesingar og/eller seminar i tekstgjennomgåing og ulike munnlege øvingar, inkludert høgtlesing, svar på spørsmål og enkel samtale i gitte tema. Dei tre komponentane blir gitt tilnærma lik vekt gjennom studiet.

Det blir dessutan gitt to friviljuge prøveeksamenar som studentane kan få retta i løpet av semesteret. Dato og tid blir kunngjorde ved semesterstart.

Obligatoriske arbeidskrav

Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er todelt og er samansett av:

1. Ei skriftleg prøve på åtte timar som omfattar a) omsetjing til norsk eller engelsk av tekstar frå tekstpensum, samt eventuelle mindre oppgåver knytte til tekstane, på om lag 80 ord, b) omsetjing til arabisk av einskilde setningar og fraser, eller ein tekst på til saman om lag 50 ord, c) grammatisk analyse av understreka ord eller uttrykk frå språk- og/eller tekstpensum (om lag 10 ord), d) nokre andre grammatiske oppgåver, e) fullstendig vokalisering av stutte tekstutdrag frå tekstpensum (om lag 50 ord). Del b) og e) tel 25% kvar og resten til saman 50%. Grammatikkdelen må vere greidd for at eksamen skal vere greidd.

 

2. Ei munnleg prøve (om lag 20 minutt) som består av a) opplesing og omsetjing av ein kort tekst frå pensum (anten med full vokalisering eller i samsvar med reglane for utelating av kortvokalar ved pause), og dessutan svar på grammatiske og andre spørsmål i samband med teksten, b) enkel samtale på moderne standardarabisk om tema frå tekstpensumet. Den munnlege prøven justerer den skriftlege karakteren, og maksimal endring er éin bokstav.  

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum er samansett av ei lærebok i arabisk alfabet, utvalde delar frå ei eller fleire lærebøker i arabisk grammatikk og eit støttekompendium til grammatikkførelesingar, utvalde hefte som omfattar omsetjing frå norsk/engelsk til arabisk og ulike øvingar i grammatikk, ei lærebok eller eit kompendium (til høgtlesing og samtale) med adapterte og vokaliserte tekstar som dekkjer daglege emne som reise, hotell, heim, restaurant, studium, turisme, mat og familie.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no