Standard skriftleg arabisk, vidareføring
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kurset styrkjer primært kompetansen i moderne standardarabisk, men tekstpensumet omfattar òg einskilde klassiske tekstar. Etter fullført kurs skal studentane kunne lesa, omsetja og gi grammatiske analysar av arabiske tekstar av moderat vanskegrad, hjelpt av ulike oppslagsverk og ordbøker som ikkje er ordna alfabetisk. Dei skal òg kunne omsetja einskilde setningar eller tekstar til arabisk.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Mål og innhald
ARA103 er eit vidaregåande kurs i skriftleg arabisk som tek sikte på å gi studentane ein avgjerande auke i ordforråd og å betra den lese- og skrivedugleiken som dei har skaffa seg i ARA101. Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.
Læringsutbyte/resultat
Kurset styrkjer primært kompetansen i moderne standardarabisk, men tekstpensumet omfattar òg einskilde klassiske tekstar. Etter fullført kurs skal studentane kunne lesa, omsetja og gi grammatiske analysar av arabiske tekstar av moderat vanskegrad, hjelpt av ulike oppslagsverk og ordbøker som ikkje er ordna alfabetisk. Dei skal òg kunne omsetja einskilde setningar eller tekstar til arabisk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ARA101 eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Det blir tilrådd at studentar som ikkje har tatt ARA101 gjer seg kjende med terminologien og omgrepsapparatet som blir nytta i undervisninga.
Undervisning og omfang
Undervisninga er delt i to komponentar. Komponent 1 inneheld førelesingar med omsetjing og tekstgjennomgang av klassiske og moderne tekstar (om lag fire timar i veka i 14 veker). Komponent 2 består av førelesingar med skriftlege øvingar i omsetjing frå norsk eller engelsk til arabisk og andre grammatiske oppgåver (om lag to timar i veka i 14 veker). Komponent 1 blir vekta med om lag 70% og komponent 2 med om lag 30%.
Obligatoriske arbeidskrav
Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er todelt og er samansett av:
1. Ei skriftleg prøve på seks timar som omfattar a) tekstutdrag frå tekstpensumet og ein ukjend tekst som skal omsetjast til norsk eller engelsk, dessutan ein del grammatiske spørsmål og fullstendig vokalisering eller transkripsjon av nokre oppgitte liner, b) omsetjing frå norsk eller engelsk til arabisk, samt andre grammatiske oppgåver. Tillate hjelpemiddel: Éi ordbok som vert delt ut på eksamensdagen. Ordboka er den same som vert brukt i undervisninga. Del (a) tel 70% og del (b) tel 30%. Grammatikkdelen må være greidd for at eksamen skal være greidd.
2. Ei munnleg prøve (om lag 30 minutt) som inneheld opplesing og omsetjing av ein stutt tekst frå pensum (anten med full vokalisering eller i samsvar med reglane for utelating av kortvokalar ved pause), samt svar på språklege spørsmål i samband med teksten. Den munnlege prøven justerer den skriftlege karakteren, og maksimal endring er éin bokstav.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Eit pensum på kring 25 sider moderne og klassiske tekstar. Tilrådde ordbøker og oppslagsverk.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no