Munnleg arabisk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studentane skal skaffa seg ein viss passiv og aktiv kunnskap om ein arabisk dialekt, samt betra den lese- og taledugleiken i standardarabisk som dei har skaffa seg i ARA101. Gjennom ARA105 skal studenten dessutan utvida ordforrådet sitt i standardarabisk. Etter fullført studium skal studentane ha grunnkompetanse i å samanlikna arabisk dialekt og standardarabisk, som førebur dei til vidare studium og skriving av oppgåve om språksituasjonen i Midtausten.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Mål og innhald
ARA105 er eit vidaregåande kurs i munnleg arabisk, og utgjer ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Kurset tek sikte på å gi eit passivt oversyn over ein arabisk dialekt og dels aktiv bruk av same dialekten. Samstundes er kurset retta mot å betra den lese- og taledugleiken i standardarabisk som studentane har skaffa seg i ARA101.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal skaffa seg ein viss passiv og aktiv kunnskap om ein arabisk dialekt, samt betra den lese- og taledugleiken i standardarabisk som dei har skaffa seg i ARA101. Gjennom ARA105 skal studenten dessutan utvida ordforrådet sitt i standardarabisk. Etter fullført studium skal studentane ha grunnkompetanse i å samanlikna arabisk dialekt og standardarabisk, som førebur dei til vidare studium og skriving av oppgåve om språksituasjonen i Midtausten.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ARA101 eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.
Undervisning og omfang
Kurset inneheld a) innføring i ein arabisk dialekt, normalt Kairo-dialekten (om lag fire timar i veka i 14 veker), samt eit par førelesingar om skilnaden på skriftleg og talt standardarabisk, b) førelesingar med øvingar i munnleg standardarabisk, knytte til pensumtekstar (om lag. to timar i veka i 14 veker).
Obligatoriske arbeidskrav
Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er todelt og er samansett av:
1. Ei skriftleg prøve på seks timar som omfattar a) tekstar frå dialektpensum som skal omsetjast til norsk, dessutan ein del grammatiske spørsmål, b) skriftlege oppgåver knytte til tekstane som vart nytta i undervisninga av munnleg standardarabisk. Grammatikkdelen av den skriftlege prøven må være greidd for at eksamen skal være greidd.
2. Ei munnleg prøve som består av a) spørsmål knytt til dialektpensumet, b) spørsmål knytt til pensum i munnleg standardarabisk c) samtale på arabisk som kan være basert på pensum. Den munnlege prøven justerer den skriftlege karakteren, og maksimal endring er éin bokstav.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum består av ei lærebok i ein arabisk dialekt samt eit kompendium med lettare tekstar på moderne standardarabisk.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no