Munnleg arabisk

Fakta om studiet

EmnekodeARA105
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHaust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Mål og innhald

ARA105 er eit vidaregåande kurs i munnleg arabisk, og utgjer ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk. Kurset tek sikte på å gi eit passivt oversyn over ein arabisk dialekt og dels aktiv bruk av same dialekten. Samstundes er kurset retta mot å betra den lese- og taledugleiken i standardarabisk som studentane har skaffa seg i ARA101.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal skaffa seg ein viss passiv og aktiv kunnskap om ein arabisk dialekt, samt betra den lese- og taledugleiken i standardarabisk som dei har skaffa seg i ARA101. Gjennom ARA105 skal studenten dessutan utvida ordforrådet sitt i standardarabisk. Etter fullført studium skal studentane ha grunnkompetanse i å samanlikna arabisk dialekt og standardarabisk, som førebur dei til vidare studium og skriving av oppgåve om språksituasjonen i Midtausten.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ARA101 eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Undervisning og omfang

Kurset inneheld a) innføring i ein arabisk dialekt, normalt Kairo-dialekten (om lag fire timar i veka i 14 veker), samt eit par førelesingar om skilnaden på skriftleg og talt standardarabisk, b) førelesingar med øvingar i munnleg standardarabisk, knytte til pensumtekstar (om lag. to timar i veka i 14 veker).

Obligatoriske arbeidskrav

Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er todelt og er samansett av:

1. Ei skriftleg prøve på seks timar som omfattar a) tekstar frå dialektpensum som skal omsetjast til norsk, dessutan ein del grammatiske spørsmål, b) skriftlege oppgåver knytte til tekstane som vart nytta i undervisninga av munnleg standardarabisk. Grammatikkdelen av den skriftlege prøven må vere greidd for at eksamen skal vere greidd. Den skriftlege prøva utgjer 50 % av den samla karakteren i emnet.

2. Ei munnleg prøve som består av a) spørsmål knytt til dialektpensumet, b) spørsmål knytt til pensum i munnleg standardarabisk c) samtale på arabisk som kan vere basert på pensum. Den munnlege prøva utgjer 50 % av den samla karakteren i emnet.

Det vert gitt éin samla karakter. Begge eksamensdelane må vere greidd i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.  

Læremiddelomtale

Pensum består av ei lærebok i ein arabisk dialekt samt eit kompendium med lettare tekstar på moderne standardarabisk.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.