Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Grunnkurs i moderne standardarabisk I

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARA111
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som skal halde fram i grunnopplæringa i moderne standardarabisk. Emnet byggjer på ARA100. Studentane skal vidareutvikle uttale og lese- og skrivedugleik. Studentane skal lære grunntrekka i moderne arabisk grammatikk.

Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

- har studentane eit ordforråd på ca. 800 ord

- kan studentane lese og omsetje nivåtilpassa arabiske tekstar

- kan studentane omsetje enkle nivåtilpassa tekstar frå norsk til arabisk

- kan studentane kommunisere om enkle og nære tema i tilpassa situasjonar på moderne standard arabisk (MSA)

- har studentane kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturrelaterte tema

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar som svarar til ARA100.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Det blir tilrådd at studentar som ønskjer ARA111 som del av bachelorgraden sin, særleg dei som har lita røynsle med framandspråk, tek ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA111 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med ARA101 eller ARA622.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

ARA111 omfattar minst 6 kontakttimar i veka i 12 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og kompendia.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal levere 2 øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Studentane skal også gjennomføre ei lytteprøve og ei munnleg prøve.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein skriftleg eksamen på 3 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitets-sikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og muntlig eksamen

    Trekkfrist
    11.09.2017