Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Grunnkurs i moderne standardarabisk III

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARA113
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår (går første gong våren 2015)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som skal halde fram i grunnopplæringa i moderne standardarabisk. Emnet byggjer på ARA112. Studentane skal styrke lytte-, lese- og skrivedugleik. Studentane skal tileigne seg eit solid grunnlag i moderne arabisk grammatikk, og skaffe seg basiskunnskapar i munnleg MSA.

Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

- har studentane eit ordforråd på ca. 2000 ord

- kan studentane lese, omsetje og gjengi innhaldet i tilpassa autentiske tekstar i ulike sjangrar ved hjelp av ordbok

- kan studentane delta i samtalar om kjende tema i normalt tempo på moderne standard arabisk (MSA)

- kan studentane skrive enkle stilar og e-poster på arabisk ved hjelp av ordbok.

- har studentane ei oversikt over alle hovudemne i arabisk grammatikk

- kan studentane orientere seg på arabiskspråklege internettsider og hente ut nødvendig informasjon derifrå.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar som svarar til ARA112.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA113 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ARA103.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

ARA113 omfattar minst 6 kontakttimar i veka i 12 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til læreboka og kompendia.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal levere 2 skriftlege øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka. Studentane skal også gjennomføre ei lytteprøve og ei munnleg prøve.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein skriftleg eksamen på tre timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitets-sikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    11.09.2017
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      25.09.2017, 09:00
      Varigheit
      4 timer