Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (går første gong hausten 2015).

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet introduserer studentane for problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap. Studentane skal skaffe seg eit solid grunnlag i ein arabisk dialekt (til dømes dialekt i Kairo eller Bagdad).

Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne
- har studentane opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter til å kunne ta for seg problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap.
- er studentane i stand til å føre ein enkel samtale på ein arabisk dialekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar som svarar til ARA100.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA115 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ARA105.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

ARA115 omfattar minst 6 kontakttimar i veka i 12 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.

Emnet tel to komponentar:
Komponent 1, omlag 4 timar i veka, inneheld førelesingar i Arabisk språkvitskap, dialektologi og til saman 8 timar munnleg standardarabisk.
Komponent 2, om lag 4 timar i veka, inneheld ei innføring i ein arabisk dialekt (til dømes dialekten i Kairo eller Bagdad).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Vurderingsforma består av to delar: ein munnleg eksamen på 30 minutt, og ei skriftleg oppgåve på om lag 1000 ord. Begge delar tel like mykje i fastsetjinga av karakteren. Innleveringsfrist på oppgåva vil vere innan siste undervisningsveke i semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrings-system. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve og muntleg eksamen

    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Oppgåve