Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Tekststudiar i klassisk og moderne standardarabisk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (går første gong hausten 2015).

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane skal fordjupe seg i tillærte kunnskapar frå 100-nivået i arabisk gjennom arbeid med og analyse av moderne arabiske tekstar i forskjellige sjangrar, til dømes moderne litteratur, medietekstar og bloggar.

Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studentane opparbeidd seg tilstrekkelege ferdigheiter til å sjølvstendig kunne lese og forstå ukjende tekstar i ulike sjangrar ved hjelp av oppslagsverk.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men for å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar som svarar til ARA113.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA211 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med ARA201.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

ARA211 omfattar minst 6 kontakttimar i veka i 12 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 27 av 36 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal levere 2 skriftlege øvingsoppgåver knytt til lærematerialet. Studentane skal også gjennomføre ei lytteprøve og ei munnleg prøve.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Vurderingsformer

Vurderingsforma består av ein skriftleg eksamen på 3 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok (Hans Wehr, Arabic-English Dictionary) på skriftleg del av eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitets-sikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    28.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    14.11.2017