Arabisk språk og samfunn
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk og/eller engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Kurset tek sikte på å gi studentane ei utdjupa røynsle, både praktisk og teoretisk, av den aktuelle språksituasjonen i den arabisktalande verda. Dei skal skaffa seg kompetanse i å transkribera arabisk samt arbeida sjølvstendig med kjeldemateriale for å skriva ei godt strukturert og samansett oppgåve.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk og/eller engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Mål og innhald
ARA252 er eit vidaregåande kurs i arabisk med eit sjølvstendig skriftleg arbeid som vurderingsform. Målsetjinga er at studentane skal få ei innføring i forskarutdanningsmetodologi i arabisk på 200-nivå, samt eit breiare spekter over språkvitskaplege spørsmål om språket. Kurset kan skiftast ut, etter søknad, med ARA254. Tema for oppgåva blir gitt av fagmiljøet.
Læringsutbyte/resultat
Kurset tek sikte på å gi studentane ei utdjupa røynsle, både praktisk og teoretisk, av den aktuelle språksituasjonen i den arabisktalande verda. Dei skal skaffa seg kompetanse i å transkribera arabisk samt arbeida sjølvstendig med kjeldemateriale for å skriva ei godt strukturert og samansett oppgåve.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ARA103 og ARA105 eller tilsvarande. For å kunne gjennomføre dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.
Undervisning og omfang
Emnet inneheld:
a) 4 timar førelesingar i veka i 7 veker. Førelesingane vil dekkja skrivetekniske og fagspesifikke spørsmål (til dømes dataressursar og transkripsjon), samt emne som er direkte relevante til skriving av oppgåva. Dette kan til dømes være utviklinga av klassisk og moderne standardarabisk og dei noverande dialektane, diglossi, skilnader i skriftleg og tala standardarabisk, døme på dei mest avgjerande skilnadene på standardarabisk og ei eller fleire dialektar, ei innføring i ein arabisk dialekt, språkpolitikk i arabisktalande land, tilpassinga av standardspråket til moderne behov og språksituasjonen generelt i Midtausten.
b) Gruppe- og/eller individuell rettleiing i samband med det sjølvstendige arbeidet.
Dei siste sju vekene av semesteret blir vigde til ferdigskriving av oppgåva. Kvar student har rett på fire timar med rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Det blir kravd at studentane har 75% oppmøte til undervisninga for å få avleggja eksamen.
I tillegg er det obligatorisk å levera eit utkast av oppgåva til rettleiing og å møte til ei rettleiing i løpet av semesteret.
Vurderingsformer
Vurderinga inneheld ei rettleidd oppgåve på om lag 15 sider. Oppgåver blir gitte av faglærar med eit tema innanfor område i emneomtalen. Dei obligatoriske aktivitetane nemnde under Obligatoriske arbeidskrav må være greidde for at ein skal kunne levera den rettleidde oppgåva til vurdering i undervisningsfritt semester.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensumet inneheld eit utval av fagbøker og artiklar som omhandlar språksituasjonen i den arabisktalande verda. Ei lærebok i ei arabisk dialekt kan òg vere aktuelt.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no