Semesteroppgåve i arabisk

Fakta om studiet

EmnekodeARA254
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk og/eller engelsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Mål og innhald

Seminaret kan ha vekslande innhald (språk, språkvitskap, litteratur, kultur og liknande), og blir berre halde når ressursane tillèt det. På ARA254 skal ein skriva ei rettleidd oppgåve av språkvitskapleg eller kulturvitskapleg art med tema godkjent av rettleiar. Emnet er ikkje ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk, men kan, med godkjenning frå instituttet, koma i staden for ARA252

Læringsutbyte/resultat

Oppgåva skal visa at studenten er i stand til å gjera greie for språkvitskaplege (fonetikk, morfologi og/eller syntaks) eller kulturvitskaplege (litteratur eller islamvitskap) spørsmål i arabisktalande land i dag.

Undervisningssemester

Vår, haust, når ressursar tillèt det.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Forventa forkunnskapar varierer etter kva tema som blir valt. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Fagleg overlapp

ARA204 (100 %)

Undervisning og omfang

Oppgåvetema blir gitt av fagmiljøet. Kvar student har rett til 4 timar med rettleiing. Normalt vil det òg bli gitt 4-6 timar med førelesingar i veka i 14 veker.

Obligatoriske arbeidskrav

I undervisningsveke sju skal studentane ha levert og fått godkjent ein detaljert skisse eller utkast til den rettleidde oppgåva. I tillegg er det obligatorisk å møta til ein rettleiingstime. Dei obligatoriske krava må vere godkjente for at ein skal kunne levera oppgåva til vurdering. 

Vurderingsformer

Ei rettleidd oppgåve på om lag 20 sider.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensumet skal variera etter innhaldet av kurset.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.