Gå til innhold
English A A A
Emne ARA301

Fellsepensum i arabisk

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Normalt ei bachelorgrad med spesialisering i arabisk.

Læringsutbyte

Opplegget skal både kontrollera og utdjupa dei allmenne språkkunnskapane som studentane vil trenga for å bruka arabisk som forskingsreiskap. Samstundes skal studentane gjennom fullføring av emnet utvikla sin eigen kompetanse i å arbeide sjølvstendig med arabisk som språk.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB. Det er mogleg for studentar på 200-nivå i ei arabisk spesialisering å ta emnet etter søknad til instituttet.

Mål og innhald

Emnet sikter på å gi utvida kunnskapar i arabisk språk, og å øva opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar. Målet er å dekkja eit representativt utval av skjønnlitterære tekstar og fagprosa av middels til høg vanskegrad. Emnet er ein obligatorisk del av masterstudiet.

Læringsutbyte/resultat

Opplegget skal både kontrollera og utdjupa dei allmenne språkkunnskapane som studentane vil trenga for å bruka arabisk som forskingsreiskap. Samstundes skal studentane gjennom fullføring av emnet utvikla sin eigen kompetanse i å arbeide sjølvstendig med arabisk som språk.

Krav til forkunnskapar

Normalt ei bachelorgrad med spesialisering i arabisk.

Tilrådde forkunnskapar

ARA201 og ARA252, eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.

Undervisning og omfang

Emnet består av 6 timar utdjupande tekstanalysar pr. veke over 14 veker: 4 timar pr. veke moderne tekstar og 2 timer pr. veke klassiske tekstar.

Obligatoriske arbeidskrav

Det blir kravd at studentane har 75% prosent oppmøte til undervisninga for å kunne avleggja eksamen.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er todelt og er samansett av:

1. Ei skriftleg prøve på seks timar som omfattar tekstar frå pensum (ca. tre femdelar av dei skal være frå tekstar som er blitt gjennomgåtte i undervisninga). Desse tekstane skal omsetjast til norsk eller engelsk. I tillegg får studentane setningar og fraser som skal omsetjast frå norsk eller engelsk til arabisk, ein del grammatiske og stilistiske spørsmål og vokalisering eller transkripsjon av nokre oppgitte liner. Tillate hjelpemiddel: Éi ordbok som vert delt ut på eksamensdagen. Ordboka er den same som vert brukt i undervisninga.

2. Ei munnleg prøve som inneheld: a) Opplesing og omsetjing av ein stutt tekst frå pensum, og svar på språklege spørsmål i tilknyting til teksten, b) samtale på arabisk (standard eller dialekt).

Karaktersetjing. Den munnlege prøven justerer den skriftlege karakteren, og maksimal endring er éin bokstav opp eller ned. Grammatikkdelen av den skriftlege prøven må være greidd for at emnet skal være greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum på rundt 60 sider, kor ca. 80 % blir gjennomgått i undervisningstimane. Utvalet skal til vanleg omfatta tekstar både frå den klassiske og den moderne perioden.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er eit elektronisk, anonymt skjema.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no