Hjem

Utdanning

Masteremne

Særpensum

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeARA302
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk/engelsk 

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Innhaldet i kurset vil variera etter dei forskingsinteressene som studenten har. Emnet er ein obligatorisk del av masterstudiet i arabisk.  

Opplegget skal utdjupa dei fagspesifikke språkkunnskapane som studentane vil trenga for å bruka arabisk som reiskap i dei forskingsområda dei har valt. I tillegg skal studentane byrja å skaffa seg grunnkompetanse i det området dei ønskjer å skrive om i masteroppgåva si.

Læringsutbyte

Gjennom rettleiing i samanheng med skriving av oppgåvene i mappa, skal studentane vere førebudde på arbeidet med masteroppgåva.

Tilrådde forkunnskapar

ARA211 og ARA252, eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning blir gitt i form av gruppe- og individuell rettleiing i haustsemesteret. Kvar student har rett til i alt 4 enkelttimar med rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I undervisningsveke sju skal studentane ha levert og fått godkjent eit detaljert utkast til pensumlista. Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for at ein skal kunne levera oppgåvene til vurdering. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i t.o.m. eitt semester etter undervisningssemesteret

Vurderingsformer

Mappevurdering som inneheld to rettleidde oppgåver: ei omsetjing av om lag 500 ord frå dei utvalde arabiske pensumtekstane og ein skriftleg diskusjon på om lag 15 sider av alle pensumtekstane. Det blir gitt ein samla karakter for mappa. 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.  

Litteraturliste

Emnet inneheld eit omlag 500 siders pensum, der minst 50 sider må vere på arabisk, som er knytt til dei forskingsinteressene studenten har. Pensum blir valt i samråd med faglærar.  

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er eit elektronisk, anonymt skjema. 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering (to oppgåver)

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    17.11.2017