Metodologi 1 i arabisk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår, haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk og/eller engelsk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i arabisk.
Læringsutbyte
Opplegget skal utdjupa dei vitskapsteoretiske og fagspesifikke kunnskapane som studentane vil trenga i dei forskingsområda dei har valt å fordjupa seg i. Emnet skal gi dugleik for å skrive masteroppgåva i dei tema studentane har valt.
Kontaktinformasjon
studieveilder@if.uib.no
Undervisningssemester
Vår, haust
Undervisningsspråk
Norsk og/eller engelsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB.
Mål og innhald
Innhaldet vil variera etter kva forskingsinteresser studenten har. Det kan skiftast ut med fellesopplegg ved Det humanistiske fakultetet og andre fakultet, eller med kurs ved andre institutt eller institusjonar. Emnet kan også skiftast ut med ARA203 eller ARA254 om desse emna ikkje går inn i ein lågare grad.
Læringsutbyte/resultat
Opplegget skal utdjupa dei vitskapsteoretiske og fagspesifikke kunnskapane som studentane vil trenga i dei forskingsområda dei har valt å fordjupa seg i. Emnet skal gi dugleik for å skrive masteroppgåva i dei tema studentane har valt.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i arabisk.
Tilrådde forkunnskapar
ARA301 og ARA302. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk.
Undervisning og omfang
Kvar student har rett til 4 timar med rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
I undervisningsveke sju skal studentane ha levert og fått godkjent eit detaljert utkast til pensumlista. Obligatoriske arbeidskrav må være godkjente for å utlevert heimeeksamen.
Vurderingsformer
Eksamen består av ein 7-dagars heimeeksamen med eit omfang på 10 sider, der oppgåva skal spegla relevansen av det utvalte materialet for forskingsintensjonane til studenten. Eksamen arrangerast kvart semester, slik at studentane får høve til å være eit heilt år i eit arabisktalande land.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Emnet har eit pensum på om lag 600 sider, og det skal være knytt til forskingsområdet til studenten. Pensum blir valt i samråd med faglærar.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er eit elektronisk, anonymt skjema.
Kontaktinformasjon
studieveilder@if.uib.no