Hjem

Utdanning

Masteremne

Metodologi 2 i arabisk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeARA304
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk og/eller engelsk  

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

 Vår, haust.

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet blir tilbode dersom ressursane tillèt det. Innhaldet vil variera etter kva forskingsinteresser studenten har. Det kan skiftast ut med fellesopplegg ved Det humanistiske fakultetet og andre fakultet, eller med kurs ved andre institutt eller institusjonar. Emnet kan også skiftast ut med ARA203 eller ARA254 om desse emna ikkje går inn i ein lågare grad. Sperre: Tema for oppgåva kan ikkje vere det same som i ARA303

 Opplegget skal utdjupa dei vitskapsteoretiske og fagspesifikke kunnskapane som studentane vil trenga i dei forskingsområda dei har valt å fordjupa seg i. Emnet skal gi dugleik for å skriva masteroppgåva i dei tema studentane har valt.

Læringsutbyte

Studentane skal gjennom fordjuping i dei forskingsområda dei har valt, tileigne seg dei vitskapsteoretiske og fagspesifikke kunnskapane dei treng for å skrive masteroppgåva i det valte temaet.

Tilrådde forkunnskapar

ARA301 og ARA302. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kvar student har rett til 4 timar med rettleiing.

 Dersom studenttalet blir lågt, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I undervisningsveke sju skal studentane ha levert og fått godkjent eit detaljert utkast til pensumlista. Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende for å utlevert heimeeksamen.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei semesteroppgåve med eit omfang på 10 sider, der oppgåva skal spegla relevansen av det utvalde materialet for forskingsintensjonane til studenten. Eksamen vert arrangert kvart semester, slik at studentane får høve til å vere eit heilt år i eit arabisktalande land.  

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.  

Litteraturliste

Emnet har eit pensum på om lag 600 sider, og det skal vere knytt til forskingsområdet til studenten. Pensum blir valt i samråd med faglærar. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Metoden for evalueringa er eit elektronisk, anonymt skjema. 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no