Gå til innhold
English A A A
Emne ARA350

Arabisk mastergradsoppgåve

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 60
Undervisningssemester Vår og haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg gransking av eit tema som studenten vel i samråd med rettleiaren eller rettleiarane. Innhaldet vil variera etter kva forskingsinteresser studenten har. Tema kan veljast fritt innanfor området arabisk språk og kultur. Tema kan også vere av tverrfagleg art. 

 

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført mastergrad skal kandidaten

  • ha brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
  • kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
  • kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kjenna normene for akademisk skriving
  • kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
  • sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kunna uttrykkja faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar på arabisk innanfor eige fagområde
  • kjenna til relevante kommunikative sjangrar
  • kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet 

 

 

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for alle masterstudentar i arabisk ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i arabisk.

Tilrådde forkunnskapar

ARA301, ARA302, ARA303 og ARA304, eller tilsvarande. For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk eller engelsk.

Undervisning og omfang

Det blir gitt 30 timar rettleiing.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Vurderingsforma er todelt og er sett saman av:

1) Ei masteroppgåve på 70-110 sider med lineavstand 1,5, når ikkje tabellar og vedlegg er medrekna. Oppgåva blir skriven på norsk eller engelsk.

2) Ei munnleg prøve som kan justera karakteren på masteroppgåva med ein bokstavkarakter. Under den munnlege prøven kan det bli aktuelt med prøving av kunnskapane til kandidaten og av evna til å tala arabisk. 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

 

Læremiddelomtale

Litteratur og kjelder knytte til masteroppgåva.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no