Grunnkurs i moderne standardarabisk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Dette er eit tilbod til studentar som skal halde fram i grunnopplæringa i moderne standardarabisk.

Innhald:. Studentane skal vidareutvikle uttale og lese- og skrivedugleik. Studentane skal lære grunntrekka i moderne arabisk grammatikk. Studentane vil ha tilgang til elektroniske ressursar for ei meir sjølvstendig læring. Ein vil gi ut oppgåver kvar veke for å konsolidera det studentane har lært i undervisninga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

-kandidaten har tilegnet kunnskaper om deler av den grunnleggende grammatikken for standardarabisk og talemål

Ferdigheiter

-kan lese og omsetje nivåtilpassa arabiske tekstar

- kan omsetje enkle nivåtilpassa tekstar frå norsk til arabisk

- kan kommunisere om enkle og nære tema i tilpassa situasjonar på moderne standard arabisk (MSA)

Generell kompetanse

- har kandidaten kjennskap til daglegliv, skikkar, sedvanar og andre kulturrelaterte tema

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervising
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføre emnet trengst det førekunnskapar som svarar til ARA621.

Ein må ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk

Studiepoengsreduksjon
100 % overlapp med ARA111 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studenter som har fått opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer

Dette er eit nettstudium der undervisninga er basert på elektroniske ressursar og kommunikasjon via internett. Ein kan ta kurset kvar som helst i verda så lenge ein har god internettilgang.

Undervisninga går føre seg via den elektroniske læringsplattforma som studentane får tilgang til ved opptak til emnet. Det vert lagt ut arbeidsplan for semesteret, vekeplan og digitale hjelpemiddel som skriftlege nettleksjonar, videosnuttar som gjer greie for grammatikk og øvingsoppgåver. Undervisninga går gjennom nettbaserte audioførelesingar og er basert på aktiv deltaking frå studentane på nettet. Ein skal bruka nettbaserte arbeidsprogram, diskusjonsforum der studentane kan diskutera emnet. Studentane arbeider med studiet både individuelt og i grupper gjennom semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om obligatorisk oppmøte på 50 % av nettundervisninga.

For å få ta eksamen må ein levere og greie to obligatoriske oppgåver og få godkjent ein lytteprøve i løpet av semesteret. Ein skal levere dei skriftlege oppgåvene elektronisk, og fristane for levering vert annonserte via læringsplattformen etter kursstart.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Vurderinga i emnet er bygd opp av to sjølvstendig vekta vurderingsdelar: ein skriftleg eksamen på 4 timar og ein munnleg eksamen (maksimum 30 minutt).

Den skriftlege delen tel 70 % av karakteren, og den munnlege dei resterande 30 %. Begge delar må vere greidde i det same semesteret for at studenten skal kunne få ein samla og endeleg karakter i emnet.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel
Programansvarleg
Programstyret for arabisk
Emneansvarleg
Familjøet i arabisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk