Gå til innhold
English A A A
Emne ARK103

Kulturar ved Middelhavet, i Nord-Europa og Norden <br />i tidsrommet ca. 1000 f.Kr.-570 e.Kr.

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Kunnskap om den overordna kulturutviklinga frå 1000 f. Kr. til 570 e.Kr. i Nord-Europa og i Norden, generelle kunnskapar om kulturar ved Middelhavet, kjennskap til den materielle kulturen i desse områda, innsikt i økonomiske, sosiale og religiøse endringar, samt kunnskap om dei ulike kontaktnettverka mellom sørlege og nordlege deler av Europa i desse periodane.

Ferdigheiter
Evne til å vurdere materiell kultur og å sette seg inn i varierte tekstar både på skandinaviske språk og engelsk, og i å kunne vurdere og analysere fagstoff samt evne til å kunne skrive resonnerande tekstar.

Generell kompetanse
Røynsle med å kunne planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, samt vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstader.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no/ 55 58 30 29/ 55 58 33 70

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studienivå

Bachelornivå.

Institutt

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Mål og innhald

Læringsmål
Emnet tek sikte på å gje oversyn over 1) framveksten av agrare kulturar og av hierarkiske samfunn i Norden og Nord-Europa, 2) kulturar i Middelhavsområdet, og 3) kva slags samkvem som har vore mellom Norden, andre delar av Nord- og Sentral-Europa og Middelhavsområdet.

Fagleg innhald
Emnet tek for seg kulturar ved Middelhavet, i Nord-Europa og i Norden. Tidsrommet som emnet dekkjer, svarar i Norden til yngre bronsealder og eldre jarnalder. Det blir lagt vekt på å gje ei overordna framstilling av utviklinga i Nord-Europa og Norden. Tolking av materiell kultur vil stå sentralt i alle tema som blir tekne opp. Emnet omfattar basisnæringar, samfunnsorganisasjon, medrekna framveksten av hierarkiske samfunn, religion og kult, og kontakten med Europa. Det gir også ei grunnleggjande oversikt over det arkeologiske materialet frå gresk og romersk kultur, og dessutan forståing av korleis desse kulturane har påverka resten av Europa.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Kunnskap om den overordna kulturutviklinga frå 1000 f. Kr. til 570 e.Kr. i Nord-Europa og i Norden, generelle kunnskapar om kulturar ved Middelhavet, kjennskap til den materielle kulturen i desse områda, innsikt i økonomiske, sosiale og religiøse endringar, samt kunnskap om dei ulike kontaktnettverka mellom sørlege og nordlege deler av Europa i desse periodane.

Ferdigheiter
Evne til å vurdere materiell kultur og å sette seg inn i varierte tekstar både på skandinaviske språk og engelsk, og i å kunne vurdere og analysere fagstoff samt evne til å kunne skrive resonnerande tekstar.

Generell kompetanse
Røynsle med å kunne planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid, samt vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstader.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk.

Undervisning og omfang

Normalt 12-15 førelesingar. I tillegg til førelesningar som skal tene til å utdjupe og utfylle pensum vert det, dersom ressursane tillèt det, organisert kollokviegrupper.

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatoriske aktivitetar knytt til emnet er materialkurs for yngre bronsealder og for eldre jernalder. Deltaking på materialkursa er ein føresetnad.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av seks timers skuleeksamen. I vurderinga vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F ikkje er bestått.

Obligatoriske aktivitetar (materialkurs) må vere gjennomførde for å gå opp til eksamen. Ordinær eksamen blir halde kvart semester.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1200 sider.

Undervisningssted

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.

Kontaktinformasjon

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

studierettleiar@ahkr.uib.no/ 55 58 30 29/ 55 58 33 70