Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr.

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARK112
  • Talet på semester1
  • SpråkUndervisninga vil vere på norsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar frå utviklinga av menneske fram til 500 f.Kr.

Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema kan skifte, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Studentane skal fordjupe seg i enkelte periodar eller tema knytt til arkeologiske problem på ein vitskapleg måte.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten:

  • har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden fram til 500 f.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
  • kjenner til fagområdet sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har god kunnskap innan og innsikt i fordjupingstemaet.

Ferdigheiter
Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ein problemstilling
  • kan nytte relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformar som er relevante for forskinga i perioden fram til 500 f.Kr.
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
  • kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.

Generell kompetanse:
Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet

kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

6-10 forelesingar/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

5 dagars heimeeksamen.

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Det blir tilbydd eksamen i påfølgjande undervisningsfrie semester for studentar som har fått godkjend obligatoriske arbeidskrav i vårsemesteret.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er omlag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.

Administrativt ansvarleg

AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    06.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    18.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen