Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr. (3)

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARK113
  • Talet på semester1
  • SpråkUndervisninga vil vere på norsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar frå utviklinga av menneske fram til 500 f.Kr.

Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Studentane skal fordjupe seg i enkelte periodar eller tema knytt til arkeologiske problem på ein vitskapleg måte.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her her

Læringsutbyte

Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheitar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden frem til 500 f.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
  • kjenner til fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.


Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling
  • kan nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevante for forskinga i perioden frem til 500 f.Kr.
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
  • Kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.


Generell kompetanse

Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar.
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innenfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

6-10 forelesingar/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumliste. Pensum er omlag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 1.januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

AHKR har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen