Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologi i perioden 500 f.Kr. - 1500 e.Kr. (1)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet tek sikte på å gje studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar i tida 500 f.Kr. - 1500 e.Kr.

Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Studiet omfattar perioden frå 500 f.Kr. til 1500 e.Kr. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege og aktuell forsking.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her [lenke].

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om sentrale temaer, teorier, problemstillinger, prosesser, verktøy og metoder innenfor perioden 500 f.Kr. til 1500 e.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innenfor perioden
  • kjenner til periodens historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet
  • har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.

Ferdigheiter
Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for sine val
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling
  • kan anvende relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformar som er relevante for forskinga i perioden
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet
  • Kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.


Generell kompetanse
Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekter aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

God kunnskap i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

6-10 forelesingar/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

6 timar skriftleg skoleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister. Pensum er omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.

Emneansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.

Administrativt ansvarleg

AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Varigheit
    6 timer