Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologi i perioden 500 f.Kr. - 1500 e.Kr. (2)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet tek sikte på å gje studentane fordjuping i aktuelle arkeologiske tema og periodar i tida 500 f.Kr. - 1500 e.Kr.

Når ressursane tillét det tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Studiet omfattar perioden frå 500 f.Kr. til 1500 e.Kr. Fordjupingstema kan skifte avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege og aktuell forsking.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her [lenke].

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor perioden 500 f.Kr til 1500 e.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor perioden
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor perioden
  • kjenner til periodens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.

 

Ferdigheitar

Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ein problemstilling
  • kan nytte relevante faglige verktøy, teknikker og uttrykksformer som er relevant for forskinga i perioden 500 f.Kr. til 1500 e.Kr.
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet
  • kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og kunne gjere sjølvstendige vurderingar


Generell kompetanse

Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og i gruppe og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingsemnet
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

God kunnskap i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

6-10 forelesingar/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

5 dagar heimeeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturlister. Pensum er omlag 1200 sider.

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.

Emneansvarleg

AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.

Administrativt ansvarleg

AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    08.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    20.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen