Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Teori og metode

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeARK201
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Læringsmål

Emnet tek sikte på å gi oversikt over sentrale tema innan arkeologisk teori- og metodedebatt og dessutan arkeologisk faghistorie, med oversyn over karakteristiske trekk ved dei ulike fagretningar over tid.

Fagleg innhald
Emnet omhandlar det teoretiske og metodiske grunnlaget for å kunne tolk dei materielle spora frå fortida. Det er lagt vekt på at studentane gjennom generell innsikt i teori og metode skal få ei betre forståing av viktige tema og problemstillingar og ta stilling til korleis dette er framstilt i arkeologisk litteratur. Døme på slike tema er samfunnsorganisasjon, byutvikling, landskap og romlege strukturar, kombinasjon av arkeologi og tekst, sosial identitet/kjønn, etnisitet og religion/rituelle aktivitetar. Den teoretisk-metodiske bakgrunnen gir eit viktig grunnlag for ARK250.

Læringsutbyte

Ved fullført studium skal studenten ha oppnådd følgjande:

Kunnskap
Innsikt i det teoretiske og metodiske grunnlaget som faget byggjer på.

Ferdigheiter
Røynsle med å vurdere sentrale teoretiske og metodiske problem på grunnlag av eit arkeologisk materiale.

Generell kompetanse
Røynsle med å vurdere fagstoff av teoretisk og metodisk art.

Krav til forkunnskapar

Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga er lagt opp som førelesningar og vert berre gitt i haustsemesteret. Normalt 10-12 førelesningar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 5-dagars heimeeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på 3000 ord.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1200-1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere faget.

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no