Klassisk arkeologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Som ledd i eit arkeologisk fagstudium krevst avlagt eksamen i dei fire ARK-emnene på 100-nivå (tre om studenten følger Bachelorprogram i antikke studier). Som støtteemne til andre antikkfag kan emnet takast på same vilkår som krevst for 200- eller 300-emner i det faget det gjeld.
Læringsutbyte
Ved fullført studium av emnet skal studenten ha oppnådd følgjande:
Kunnskap
Kunnskap om utviklinga i dei antikke kulturane, kjennskap til korleis dei ulike tidsbolkane er reflektert i materiell kultur og korleis arkeologisk materiale saman med tekstane gjev eit heilskapsbilete av kulturen i antikken.
Ferdigheiter
Evne til å finne fram i og nytte internasjonal faglitteratur (mest på engelsk) og skrive resonnerande tekstar om utvalde emne
Generell kompetanse
Kompetanse i å planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid og i å vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstader.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelornivå.
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur-og religionsvitenskap.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gje oversyn over utviklinga og det arkeologiske materialtilfanget etter dei klassiske Middelhavskulturane og dei metodiske og teoretiske prinsippa innan klassisk arkeologi, og dei viktigaste trekka i denne faghistoria.
Fagleg innhald
Emnet dekkjer perioden som går frå byrjinga på jarnalderen i Hellas og Italia (ca. 1000-800 f.Kr.) til overgangen frå antikk til middelalder (400-500 e.Kr.). I Hellas reknast òg bronsealderen med dei minoiske og mykenske høgkulturane med (ca. 3000 -1000 f.Kr.). Geografisk dekkjer emnet Hellas og Italia og dei områda der den gresk-romerske kulturen dominerte, til dømes greske busetnader i Lilleasia og ved Svartehavet, dei hellenistiske storrika i Orienten, og heile romerrikets område.
Hovudvekta er lagt på det konkrete arkeologisk materialet, men som må tolkast i samanhang med den kjennskapen til historie og kultur i antikken frå skrivne kjelder.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium av emnet skal studenten ha oppnådd følgjande:
Kunnskap
Kunnskap om utviklinga i dei antikke kulturane, kjennskap til korleis dei ulike tidsbolkane er reflektert i materiell kultur og korleis arkeologisk materiale saman med tekstane gjev eit heilskapsbilete av kulturen i antikken.
Ferdigheiter
Evne til å finne fram i og nytte internasjonal faglitteratur (mest på engelsk) og skrive resonnerande tekstar om utvalde emne
Generell kompetanse
Kompetanse i å planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid og i å vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstader.
Krav til forkunnskapar
Som ledd i eit arkeologisk fagstudium krevst avlagt eksamen i dei fire ARK-emnene på 100-nivå (tre om studenten følger Bachelorprogram i antikke studier). Som støtteemne til andre antikkfag kan emnet takast på same vilkår som krevst for 200- eller 300-emner i det faget det gjeld.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk.
Undervisning og omfang
Normalt 10-12 førelesingar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen består av seks timers skuleeksamen.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumlister. Pensum er om lag 1400 sider, hvor det meste er på engelsk.
Undervisningssted
Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere faget.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no