Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Teori og metode i arkeologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARK210
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.

Læringsmål

Emnet tek sikte på å gi oversikt over sentrale tema innan arkeologisk teori- og metodedebatt og arkeologisk faghistorie, med oversyn over karakteristiske trekk ved ulike fagretningar over tid.

Fagleg innhald
Emnet omhandlar det teoretiske og metodiske grunnlaget for å kunne tolke dei materielle spora frå fortida. Det er lagt vekt på at studentane gjennom generell innsikt i teori og metode skal få ei betre forståing av viktige tema og problemstillingar og ta stilling til korleis dette er framstilt i arkeologisk litteratur. Døme på slike tema er samfunnsorganisasjon, byutvikling, landskap og romlege strukturar, kombinasjon av arkeologi og tekst, sosial identitet/kjønn, etnisitet og religion/rituelle aktivitetar. Den teoretisk-metodiske bakgrunnen gir eit viktig grunnlag for ARK250.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om sentrale teorier og metodar nytta i arkeologisk forskning
  • kjenner til forsknings- og utviklingsarbeid innenfor arkeologi
  • kan oppdatere sin kunnskap innanfor faget
  • kjenner til arkeologi si utvikling, historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet
  • har god innsikt i det teoretiske og metodiske grunnlaget som faget bygger på

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på teoretiske og metodiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over val av ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar på grunnlag av eit arkeologisk materiale
  • kan finne, vurdere og henvise til teoretiske og metodisk litteratur og knytte dette til ein problemstilling
  • kan nytte fagleg teori og metode som er relevant for forskinga
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte teoretiske og metodiske framstillingar, og kan gjere sjølvstendige vurderingar


Generell kompetanse

Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar i arkeologisk teori og metode
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor teori og metode i arkeologi
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, kan formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og kan gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

 Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Fullt fagleg overlapp med ARK201.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er lagt opp som forelesingar og vert berre gitt i vårsemesteret. Normalt 8-10 forelesingar/seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

5 dagars heimeeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på 3000 ord.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister. Pensum er omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    29.09.2017, 13:00
    Trekkfrist
    11.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen