Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fordjuping i arkeologisk teori og metode (3)

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet tek sikte på å gje studentane fordjuping i arkeologisk teori og metode.

Når ressursane tillét det, tilbyr instituttet undervisning i eitt eller fleire tema. Studiet omfattar eit fordjupingstema innanfor arkeologisk teori og metode. Fordjupingstema kan skifte, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking.

For omtale av temaet som vert tilbydd inneverande semester, sjå her

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har innsikt i det empiriske, teoretiske og metodiske grunnlaget for det valde fordjupingstemaet
  • har god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på metodiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine innanfor emnet.
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling.
  • har røynsle med å vurdere sentrale teoretiske og metodiske problem innom det valde fordjupingstemaet på grunnlag av arkeologisk materiale
  • kan nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevant for det aktuelle temaet

Generell kompetanse

Studenten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til teoretiske og metodiske problem.
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor tema i fordjupingstema
  • delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innenfor fordjupingstemaet
  • har røynsle med å vurdere fagstoff av teoretisk og metodisk art innom det valde fordjupingstemaet. 
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Krav til forkunnskapar

Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

God kunnskap i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 4-6 forelesingar/seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei oppgåve på maksimum 2500

ord eller eit foredrag på maksimum 20 minutt.

Oppgåve ska ha form som ein vitskapleg artikkel, foredraget skal ha form som ein presentasjon på ein vitskapleg konferanse.

Val av vurderingsform (oppgåve eller foredrag) må vere klart før oppmeldingsfrist 1. september/1. februar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturlister. Pensum er omlag 600 sider.

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg foredrag

  • Vurderingsordning: Skriftleg oppgåve

    Innleveringsfrist
    06.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    22.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen