Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i arkeologi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå.

Undervisningssemester

Haust / vår.

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å øve studentane med å arbeida med arkeologiske problemstillingar med integrert bruk av teori og metode.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Kjennskap til og innsikt i eit avgrensa emne innan arkeologifaget, og røynsle med å arbeide sjølvstendig ut frå arkeologiske problemstillingar.


Ferdigheiter
Røynsle i å arbeide sjølvstendig med arkeologiske problemstillingar: formulere problem, avgrense stoff, finne fram relevant litteratur og diskutere og vurdere litteratur i høve til oppsette problemstillingar og relevante metodiske og teoretiske perspektiv.


Generell kompetanse
Røynsle med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar.

Krav til forkunnskapar

Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av individuell rettleiing. Rettleingane er innanfor ei ramme på fem rettleingstimar. Normalt vert det ikkje gjeve førelesningar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på skrivekurs er obligatorisk. Rettleinga, med ei ramme på fem rettleiingar, inngår som ein obligatorisk del av emnet. Det krevst minst 80 prosent frammøte til rettleiinga.

Vurderingsformer

Studentane skal skriva ei semesteroppgåve på om lag 15 sider, 6000 ord, med individuell rettleiing. Tema for oppgåva blir valt av studenten i samråd med rettleiar, og kan vere ein studie av ein periode eller eit område, eventuelt begge delar. Tema kan også gå på tvers av periodar eller område. Eksamen består av vurdering av den skriftlege oppgåva.

Obligatoriske aktivitetar (minst 80 prosent frammøte til rettleiingar) må vere gjennomførde for å gå opp til eksamen. Det vert avvikla eksamen kvart semester.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Litteraturliste

Litteratur er i hovudsak sjølvvalt, men i tråd med rettleiar. Denne litteraturen er grunnlaget for skriving av bacheloroppgåva og bør vere satt saman av om lag 1500 sider. Dette skal reflekterast i litteraturlista til oppgåva.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    24.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    10.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen