Hjem

Utdanning

Masteremne

Arkeologisk praksis

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Undervisning kvart haustsemester.

Undervisningsstad

Ved UiB/på eit arkeologisk feltarbeid.

Mål og innhald

Studenten skal få fordjupa kunnskapar om førearbeid, praktisk gjennomføring, etterarbeid og rapportering frå arkeologisk feltarbeid. Undervisninga i førearbeid femner om arbeid med arkiv og innsikt i planlegging av undersøkinga. Feltopplæringa i registreringsmetodar gjev kunnskap om og røynsle med analyse av landskap, prøvestikk registrering, innsamling av funn, dokumentasjon og innmåling. Feltopplæringa i utgravingsmetodar gjev kunnskap om oppmåling av felt, ulike gravemetodar, innsamling av funn, prøvetaking, sikring av funn i felt, kartfesting, plan- og profilteikning, og verbal dokumentasjon.

Undervisninga i etterarbeid og rapportering femner om klassifikasjon av arkeologiske funn, kunnskap om handsaming av naturvitskapleg prøvemateriale, konservering, magasinering og rapportskriving.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise følgjande:

Kunnskap

Kunnskap om korleis ein planlegg, gjennomfører og rapporterer frå arkeologisk feltarbeid.

Ferdigheiter

Studenten har innsikt i korleis ein nyttar arkiv under planlegginga av feltarbeid, innsikt i korleis ein går fram under arkeologiske registreringar, innsikt i korleis ein legg ut eit koordinatsystem og kartfester, grev ut, samlar inn funn og prøver, og dokumenterer funn og anlegg. Studenten har også innsikt i korleis ein klassifiserer eit arkeologisk materiale og skriv ein arkeologisk rapport.

Generell kompetanse

Studenten har generell innsikt i emnet og røynsle med arkeologisk praksis og korleis resultata frå registreringar og utgravingar skal systematiserast og omsettast i kunnskap.

Krav til forkunnskapar

Ingen, utover opptak til masterprogrammet i arkeologi

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er opent for alle som er teke opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er delt mellom teoretisk og praktisk opplæring der den praktiske opplæringa utgjør den største delen. Den praktiske opplæringa går føre seg under eit arkeologisk feltarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på forkurset og feltarbeidet er obligatorisk.

Det er obligatorisk å levere eit utkast til feltrapport. Feltrapporten skal skrivast i gruppe.

Vurderingsformer

Rapport frå feltarbeidet på minst 5000 ord. Rapporten vert utarbeidd og ferdigstillt i gruppe. Alle i gruppe får same karakter i emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen bestått/ikkje bestått.

Litteraturliste

Pensum utarbeidast av instituttet og omfattar om lag 700 sider.

Emneevaluering

Undervisninga vil med jamne mellomrom bli evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rapport - gruppe

    Innleveringsfrist
    06.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    22.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen