Arkeologi: Landskap, kulturminne og forvalting

Fakta om studiet

EmnekodeARK302
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Undervisninga har fem mål: Studentane skal få: (1) god kunnskap om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar, (2) innsikt i dei mest sentrale metodane for å påvise, datere og tolke dei, (3) innsikt i lovrelatert vern/forvaltning og sjå det i lys av verneteori og verneideologi, (4) Innsikt i korleis ein formidlar fagkunnskapen til eit allment publikum og (5) røynsle med å arbeide i grupper.

Det er ei målsetting at studiet skal gi kunnskap om forvaltning av kulturminna. Det inneber samtidig at vern blir relatert til overordna verneteori. I tillegg inneber det at fagkunnskapen kontinuerlig må formidlast til eit breitt publikum.

Studiet er bygd opp kring dei sentrale elementa - natur, kultur og forvaltninga av kulturminne og kulturlandskap og formidling av kunnskapen om kulturminna. Emnet tar opp tilhøvet mellom menneske og dei landskap dei levde i førhistorisk tid og mellomalder. Emnet femner om teori som tek opp omgrep og ulike synsmåtar på landskap og dessutan empiri kring landskap og kulturminne frå både jeger-sankarsamfunn, tidlige jordbrukssamfunn og frå jarnalder og mellomalder. Ein tek også opp korleis fagkunnskapen om desse emna skal formidlast til eit allment publikum.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise følgjande:

Kunnskap

Studenten skal få fordjupa kunnskapar om kulturminne i høve til landskap frå ulike periodar, kunnskap om dei mest sentrale metodane for å påvise, datere og tolke dei, kunnskap om lovrelatert vern/forvaltning og i å sjå det i lys av verneteori og verneideologi, og kunnskap om korleis ein formidlar fagkunnskapen.

Ferdigheiter

Studenten skal ha innsikt i korleis ulike typar landskap har vore utnytta og forstått til ulik tider, innsikt i den politiske og praktiske bakgrunnen for kulturminneloven og korleis den praktiserast i dag, innsikt i ulike verneteoriar og ideologiar og bruk av ulike formidlingsmetodar.

Generell kompetanse

Studenten har generell innsikt i emnet, har røynsle med analyse av forholdet mellom kulturminne og landskap, har røynsle med formidling av kunnskapen til eit allment publikum, og har røynsle med å arbeide i grupper.

Undervisningssemester

Undervisning kvart haustsemester.

Studienivå

Master

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Krav til studierett

Emnet er opent for alle som er teke opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR. Andre masterstudentar ved Det humanistiske fakultet kan søke om å få ta emnet.

Krav til forkunnskapar

Kurset kan vere opent for studentar på masternivå frå andre fag.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Undervisningsforma består av førelesningar, ekskursjonar og gruppearbeid.

Obligatoriske arbeidskrav

Deltaking på ekskursjonane er obligatorisk.

Vurderingsformer

Individuell munnlig presentasjon (10-15 minutt) av ei oppgåve knytt til ekskursjon.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen bestått/ikkje bestått.

Læremiddelomtale

Ca. 1000 sider, av dei er halvparten valfri/tilrådd av rettleiar.

Undervisningsstad

Ved UiB/ekskursjonar

Emneevaluering

Undervisninga vil med jamne mellomrom bli evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.