Hjem

Utdanning

Masteremne

Prosjektskildring

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår 

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Målet med kurset er å førebu studenten til å arbeide med sjølvstendig forsking. Studenten skal utarbeide ei prosjektskildring som gjer greie for den planlagde masteroppgåva med omsyn til problemstilling, teoretisk og metodisk orientering, litteratur og empirisk materiale.

Læringsutbyte

Kunnskap
Ved fullført emne har studenten tileigna seg kunnskapar om sjangeren prosjektskildring og er førebudd til å arbeide med masteroppgåva.

Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten avgrense eit forskingsprosjekt og gjere bruk av individuell rettleiing.

Generell kompetanse
Ved fullført emne kan studenten formulere ein plan for eit arkeologisk forskingsprosjekt.

Krav til forkunnskapar

Spesialisering i arkeologi

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterstudiet i arkeologi ved AHKR. Emnet er obligatorisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Individuell rettleiing inntil 4 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av prosjektskildringa på felles masterseminar før endelig innlevering.

Vurderingsformer

Innlevering av ei prosjektskildring normalt på 3000-4000 ord.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen greidd/ikkje greidd.

Litteraturliste

Litteraturliste til prosjektskildringa vert utarbeid i samarbeid med rettleiar.

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektskildring

    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen