Hjem

Utdanning

Masteremne

Arkeologisk metode

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARK305
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk dersom det er engelskspråklege studentar på kurset.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Emnet tek føre seg sentrale metodar innan arkeologisk forsking: Typologi, klassifikasjon, romleg distribusjon, der det vert lagt vekt på kategorisering og teoretiske forståingar for å handtere variasjon og romleg distribusjon, m.a. med bruk av nye geografisk informasjonssystem (GIS). Emnet tek også føre seg bruk av analogiar og kunnskap om metodar innan etnoarkeologi og historisk arkeologi med bruk av tekst og materiell kultur som kjelder. 

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane ha kunnskap om grunnleggjande arkeologiske metodar.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane skal ha ferdigheiter i å bruke dei arkeologiske metodane i høve til konkret arkeologisk materiale, inklusiv kart.

Generell kompetanse

Etter fullført emne har studentane generell kompetanse i arkeologifaget sitt metodegrunnlag.

Krav til forkunnskapar

Spesialisering i arkeologi

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for masterstudentar i arkeologi ved AHKR.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga skjer som førelesingar og workshops (verkstader).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane møter opp på 70% av undervisningstimane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei fem dagars heimeeksamen om metode. Eksamensoppgåva skal vera på maksimalt 3500 ord.

Obligatoriske aktivitetar må vera gjennomførte før studenten kan gå opp til eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Felles pensum på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    06.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    18.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen