Hjem

Utdanning

Masteremne

Teknikkar i arkeologifaget

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeARK306
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig (vår)

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Studentane skal lære praktiske reiskap og/eller hjelpevitskapar som er relevante for ferdigstillinga av ei masteroppgåve og i arbeidslivet. Studiet er bygd opp kring ulike teknikkar som er aktuelle for studentar som arbeider med arkeologi på mastergradsnivå. Undervisninga vil i ein viss grad vere tilpassa det studentane til ei kvar tid treng i høve til arbeidet med førebuinga av oppgåva.

Læringsutbyte

Kunnskapar
Ved fullført emne har studenten grunnleggjande kunnskapar innan den teknikken som er valt.


Ferdigheiter

Studenten kan bruke teknikken sjølvstendig i eige arbeid, og skal kunne vurdere metoden og teknikken kritisk.


Generell kompetanse

Studenten har evne til å setja seg inn i relevant litteratur og bruke denne innsikta på ein praktisk-metodisk måte.

Krav til forkunnskapar

Spesialisering i arkeologi

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterprogrammet i arkeologi ved AHKR. Emnet er valfritt.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga vil ha eit omfang på minimum 8 forelesingar/seminar. Instituttet vil tilpasse undervisninga etter

kor mange studentar som melder seg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av eit foredrag på 30 minutt, med påfølgjande diskusjon. Foredraget skal ha form som presentasjon på ein vitskapleg konferanse.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Litteraturliste

Pensum på emnet er på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no