Hjem

Utdanning

Masteremne

South African Field Course

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeARK311
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Cape Town & De Hoop Nature Reserve, Sør-Afrika

Mål og innhald

Målsettinga for kurset er å gje studentane kunnskap om metodane ein brukar når ein hentar inn, analyserar, tolkar og formidlar informasjon frå arkeologiske undersøkingar relatert til afrikansk forhistorie på eit vidarekomande nivå,. Det vert spesielt fokusert på arkeologien frå ¿Later and Middle Stone Age¿ frå ca. 100.000 til 300 år før vår tid.

Den formelle undervisningsdelen som går føre seg i Cape Town dekkjer følgjande emne: Introduksjon til menneskets utvikling, ¿Later and Middle Stone Age¿, starten på det moderne menneskets atferd, sørafrikansk bergkunst, Khoisan og tidleg domestisering og Cape Town i kolonitida. Det vert óg gitt undervisning i paleomiljøforsking, analyse av faunamateriale og steinteknologi.

Den praktiske delen av kurset finn stad på ¿De Hoop Nature Reserve¿ og dekkjer:

1. Feltgeologi, steinreiskapar (typologi, råmateriale og produksjon), mikroskopanalyse og praktisk bruk av mikroskop i arkeologisk forsking, statistiske metodar brukt i arkeologiske analyser, identifikasjon og analyse av skjell og bein av marine pattedyr, praktisk osteologi av makro- og mikrofauna, rekonstruksjon av paleomiljø ved hjelp av faunaanlyse og praktiske registreringsmetodar og teknikkar i felt.


2. Utgravingsteknikkar: Undervisning i teori og metode og utgraving av en lokalitet frå ¿Later Stone Age¿

Læringsutbyte

Etter fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Studenten har kunnskap om korleis ein førebur, gjennomfører og rapporterar frå eit arkeologisk feltarbeid.

Ferdigheiter

Studenten kan kjenne att, analysere og tolke eit breidt spekter av materialkategoriar frå arkeologiske feltarbeid, blant anna faunamateriale (bein), steinreiskapar, marine komponentar (skjell og bein frå fisk og sjøpattedyr), geologisk materiale og anlegg (eldstader, gropar). Studenten er i stand til å undersøkje arkeologisk materiale ved hjelp av mikroskop, kan skrive ein rapport om dette og kan presentere resultata statistisk dersom dette vert kravd.

Generell kompetanse

Etter at kurset er gjennomført er studenten i stand til å identifisere, analysere og tolke ei lang rekkje med gjenstandar som er funne ved arkeologiske utgravingar på et vidarekomande nivå. Studenten har røynsle frå arkeologisk praksis og har innsikt i korleis resultat frå arkeologisk feltarbeid vert gjort om til fagleg kunnskap. Studenten veit óg korleis ein nyttar arkivmateriale, korleis ein registrerar arkeologiske lokalitetar, korleis ein planlegg og utfører utgravingar og korleis ein rapporterar frå feltarbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilfredsstillende kunnskapar i engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som er tekne opp ved masterprogrammet ved AHKR, UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er delt mellom teoretisk og praktisk opplæring, der den praktiske undervisninga utgjer den største delen. Den praktiske opplæringa er del av det arkeologiske feltarbeidet. Kurset varer i fem veker (25 arbeidsdagar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriving av rapportar frå registreringar og arkeologisk feltarbeid. Skriving av ei praktisk oppgåve i samband med eksamen (3 timar)

Vurderingsformer

Eksamen består av vurderinga ein rapport frå det arkeologiske feltarbeidet (tel 20%) og av ei tre timers praktisk oppgåve (tel 80%).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Litteraturliste

Instituttet utarbeidar ei pensumliste på 500 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no