Hjem

Utdanning

Masteremne

Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeARK312
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Emnet vert tilbode uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen, Johannesburg eller Cape Town

Mål og innhald

Målsettinga for emnet er at studenten arbeider sjølvstendig med eit spesialisert arkeologisk tema og skriv ei oppgåve om dette.

Læringsutbyte

Etter fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap

Studenten har kunnskap om eit avgrensa spesialisert arkeologisk emne og har røynsle med å arbeide sjølvstendig med dette. Studenten har kunnskap og skriveferdigheiter som blir kravd for å skrive ei masteroppgåve

Ferdigheiter

Etter fullføring av oppgåva er studenten i stand til å arbeide med bibliotekmateriale, veit korleis ein skal trekkje ut relevant informasjon frå ei pensumliste, veit korleis ein finn litteratur som ikkje står på pensumlista og er fortruleg med dei forskingsteknikkar som trengst for å kunne skrive ei oppgåve

Generell kompetanse

Studenten har røynsle med å skrive ein arkeologisk akademisk tekst sjølvstendig.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilfredsstillande kunnskapar i engelsk

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som er tekne opp på masterprogrammet ved AHKR, UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider med eit arkeologisk tema og skriv ei oppgåve.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk med rettleiing under arbeidet med temaet.

Vurderingsformer

Eksamen består av vurdering av oppgåva. Oppgåva skal vere på om lag 6000 ord.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta

Litteraturliste

Pensumliste vert sett opp av student og rettleiar, og skal vere på 1400 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no