Hjem

Utdanning

Masteremne

Littiske studiar

  • Studiepoeng6
  • UndervisingssemesterSpring, Summer
  • EmnekodeARK327
  • Talet på semester1
  • Språk Engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

 Sommer

Undervisningsstad

 Kiel Schleswig

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggjande gjennomgang av flint som reiskapsmateriale, samt ein introduksjon til metodar og teknikkar som vert nytta i moderne analysar av forhistoriske flintreiskap.

Det blir lagt vekt på å vise korleis inngåande studiar av flintreiskap kan brukast til å belyse forhold knytt til sosial struktur, subsistensøkonomi og mobilitet i forhistoriske steinbrukande samfunn.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Gode kunnskapar om korleis flintreiskap vart produsert og korleis materialet kan nyttast i moderne analyser.

Ferdigheiter
Evne til å utføre analysar av flintmateriale frå forhistoriske periodar.

Generell kompetanse
Innsikt i kva slags rolle flintreiskap har spela i forhistoria og evne til å analysere reiskap for å belyse sosiale forhold og trekke eigne slutningar.

Krav til forkunnskapar

 BA-grad i arkeologi

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Studiepoengsreduksjon

 Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på bachelor- eller masterprogrammet i arkeologi.
Påmelding til emnet skjer til instituttet (studierettleiar@ahkr.uib.no) innan 1. april.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil vere sett saman av 10 forelesingar og seminar, og gå føre seg i ei periode på ei veke. Oppgåva skal skrivast over ei periode på 2 månader etter at undervisninga er avslutta, med innlevering medio september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Obligatorisk oppmøte på forelesingane

Vurderingsformer

 Skriftleg oppgåve på 5000-6000 ord.

Karakterskala

 A-F

Litteraturliste

 Ca. 1000 sider pensum

Emneevaluering

 Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no