Hjem

Utdanning

Masteremne

Arkeologi mastergradsoppgåve

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Både haust og vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium. Studiet skal utvikle analytisk evne som fremjar ei kritisk haldning til vitskaplege framstillingar og andre forskingsbidrag. Gjennom skriving av masteroppgåva skal studenten finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og praktisk meistring av metodar, teori og empiri. Masteroppgåva kan vere basert på analyse av arkeologiske data, men kan også ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, der tema innan forvalting og formidling kan vere aktuelle.

Læringsutbyte

Kunnskap

Ved fullført masteroppgåve har studenten avansert kunnskap innanfor fagfeltet og spesialisert innsikt i et avgrensa område. I tillegg til ein brei empirisk kunnskapsbase, har studenten innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar, samt ei god forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy.

Ferdigheiter

Studenten er kompetent til å utøve forskingsarbeid på ein sjølvstendig måte. Ved fullført emne kan studenten analysere eit avgrensa arkeologisk tema og handtere arkeologiske kjelder og litteratur, ta i bruk arkeologiske metodar og drøfte dei i lys av relevante teoriar. Studenten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.

Generell kompetanse

Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten vist sin kompetanse til å utøve arkeologisk forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggjande normer som akademisk disiplin. Studenten er kvalifisert til å analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglige resonnement. Studenten kan problematisere og reflektere omkring omgrep, kunnskap, teori og metode. Studenten har òg kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Fullført kursdel på masterprogrammet i arkeologi.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp som masterstudentar i arkeologi. Emnet er obligatorisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Individuell rettleiing, eventuelt grupperettleiing i form av masterseminar, er ein vesentleg del av undervisningstilbodet. Alle masterstudentar har krav på individuell rettleiing i arbeidet med masteroppgåva, men ikkje utover den tida som er fastsett i rettleiingsavtalen. Det vert inngått ei rettleiingsavtale i første semester av masterstudiet. På masterseminara skal studentane delta jamleg med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal delta på 2-dagars forskingsetisk seminar arrangert av Forskingsetisk utval ved AHKR.

Vurderingsformer

Masteroppgåva med justerande munnleg eksamen. Omfanget av oppgåva skal ikkje overstige 25.000 ord (linjeavstand 1 1/2, skrifttype 12) tabellar inkludert. Dersom lengda på oppgåva går ut over 25.000 ord, må dette bli godkjend av rettleiar. Figurar og litteraturliste kan kome i tillegg. Vedlegg er tillete etter godkjenning frå rettleiar. Ved vurdering av oppgåva blir det lagt vekt på logisk oppbygging, analytisk presisjon, prøving av påstandar og handverksmessig kvalitet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta.

Litteraturliste

Litteraturliste til masteroppgåve må godkjennast av rettleiar.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Innleveringsfrist
    20.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    06.11.2017
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.11.2017, 13:00