Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Molekylærbiologiske metodar

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskap hos studentane om molekylærbiologiske metodar som blir brukte i diagnostikk, karakterisering av sjukdomsframkallande mikroorganismar og vertsrespons hos fisk og andre oppdrettsartar. Denne kunnskapen utviklast gjennom laboratorieoppgåver, førelesingar, diskusjonar og journalføring.

Emnet gjev ei praktisk innføring i bruk av sentrale metodar. Studentane skal lære å bruke reagensar og utstyr ved eiga erfaring, og forstå korleis enzymreaksjonar og molekylære interaksjonar kan brukast for å undersøke blod og vevsprøver frå fisk. Nokre metodar vil bli gjennomgått som demonstrasjon/førelesing på laboratoriesalen.

Deltaking på kurset er obligatorisk. Førelesningar og diskusjonar vil gå føre seg mellom laboratorieoppgåver, og vil føre til fulle arbeidsdagar i to veker. Frist for innlevering av laboratoriejournal er to veker etter at laboratoriekurset er ferdig.

Læringsutbyte

Ferdigheiter

Studenten kan utføre

  • Blod/serumprøvetaking
  • Vevsprøvetaking til RNA-rensing
  • Polymerase-kjede-reaksjon (PCR)
  • Syntese av komplementær DNA (cDNA)
  • Kloning i plasmidvektor
  • Restriksjonsenzymskutting av DNA
  • Agarose gel elektroforese
  • DNA-sekvensering
  • Sanntids-PCR (Real-time PCR)
  • Polyakrylamid gel elektroforese (PAGE)
  • Western blotting
  • Primer design
  • Enkle bio-informatiske analyser

Generell kompetanse

Studenten har kjennskap til sentrale molekylærbiologiske teknikkar og teorien bak desse.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til Profesjonsstudiet i fiskehelse ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller Ph.D.-utdanninga. Les meir her.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking.
  • Laboratorierapport.

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i tre semester, inkludert semesteret aktiviteten blir avlagt i.

Vurderingsformer

Godkjent laboriatoriejournal / -rapport (innlevering to veker etter at laboratoriekurset er ferdig).

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt studierettleiar på studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Journal

    Trekkfrist
    01.11.2017