Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Cellebiologi og genetikk

Mål og innhald

Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ei kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerar, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserar. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førde vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overførd frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.

I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og sikkerheit på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.

Emnet vil bli undervist første gang våren 2013, og er obligatorisk i bachelorgraden i biologi for studentar med ny studieplan (tatt opp f.o.m. hausten 2011).

Læringsutbyte

  Etter fullført emne skal studenten:

  • Forstå den kjemiske basisen for liv, kjenne struktur og funksjon til dei viktigaste molekylære byggesteinane og være fortrolig med hvordan, når og hvor biomolekyl påvirker hverandre
  • forstå organiseringa av prokaryote og eukaryote celler, og den rolla ulike sub-cellulære organellar spelar i biologiske prosessar
  • demonstrere kunnskap om metabolisme, energiomsetning, fotosyntese, katabolisme, biosyntese og korleis desse prosessane er organisert med omsyn til cellulære strukturar
  • demonstrere kunnskap om det mekanistiske grunnlaget for cellekommunikasjon
  • demonstrere kunnskap om mitosen og grunnleggande forståing for korleis celler går gjennom cellesyklus og deler seg.
  • kunne forklare både ukjønna og kjønna livssyklus, inkludert meiosen
  • kunne forklare Mendels lovar og ideen om genar og genetisk arv
  • forstå det kromosomale og molekylære grunnlaget for genetisk arv, og kunne forklare korleis informasjon vert overførd frå genar til RNA og vidare til proteiner, og korleis uttrykk av genar vert regulert
  • ha kunnskap om ekstrakromosomale genetiske element (virus, plasmider) og korleis dei formeirar seg og vert overførde frå celle til celle
  • ha kunnskap om bioteknologisk bruk av genetikk og etiske spørsmål knytta til det
  • forstå korleis genetikk og differensiering av celler utvikler en organisme
  • forstå korleis genom evolverer
  • forstå grunnlaget for eksperimentelle forsøk, ha ferdigheiter i praktisk laboratoriearbeid og kunnskap om sikkerheit på laboratoriet.
  • kunne analysere og tolke eksperimentelle data
  • kunne gi klar og konsis vitskapeleg presentasjon til ei fagkyndig forsamling

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

 Kjemi (KJEM110), Organisk kjemi (KJEM130), BIO100, BIO101, BIO102

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Deltaking på laboratoriekurs og godkjent kursjournal.

Labjournalen teller 30% av totalkarakteren.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (endret vår 2016).

Vurderingsformer

 4 timar skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Labjournal teller 30% av totalkarakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Lærebok: Neil A. Campbell and Jane B. Reece. Biology, 8. Ed. ISBN: 0-321-54325-4. Kapittel 6 - 21,35, 47 (Ca. 280 sider). Kurskompendium.

Merk at endringar i pensum kan førekomme. Dette blir opplyst om ved kursstart.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    25.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    11.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted