Hjem

Utdanning

Masteremne

Miljøpåverknad av oppdrett

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: gul)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar, seminar og oppgåver, og tar sikte på å beskrive miljømessige effektar av havbruk globalt. Kurset vil fokusere på sentrale problemstillingar knytte til miljømessige verknad av intensiv oppdrett av tempererte arter, men vil også dekke effektar av havbruk i utviklingsland. Kurset omfattar ei rekke miljømessige tema knytt til ei voksande havbruksnæring globalt, inkludert konkurranse om naturressursar og effektar av direkte organisk forureining. Problemstillingar knytt til tap av habitat i kystsona som resultat av ei voksande havbruksnæring i utviklingsland vil også bli gjennomgått. Kurset vil gi ein utfyllende oversikt over effekten av intensiv oppdrett på villfiskpopulasjonar, overføring av sjukdom og parasitter (lus), rømming av oppdrettsfisk, samt fordeler og bakdelar med GM fisk. Miljømessige verknad av industrielle fiske og produksjon av fiskemel vil også bli gjennomgått. Kurset vil også introdusere studentane til nye fôrtypar og teknologi som gir redusert avfall, samt fordeler knytt til bruk av resirkuleringssystem.

Læringsutbyte

Gi studentane ei oversikt over miljømessige effektar av akvakultur globalt. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BIO100/BIO110, BIO101, BIO102, BIO103, BIO113, BIO213 (gamle emner: BIO111, BIO113, BIO114, BIO202)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminar og forlesninger.

Vurderingsformer

Mappeevaluering av presentasjoner og oppgaver (50%) og ein skriftleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp MAR258

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    01.12.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen