Hjem

Utdanning

Masteremne

Eksperimentell mikrobiologi

Undervisningssemester

Vår - neste gong våren 2015. Emnet har eit avgrensa tal plassar. Studentar med emnet som obligatorisk i sin studieplan blir prioritert.

Mål og innhald

Laboratoriekurset er primært for studentar som skal ta Masterprogrammet i biologi (studieretning mikrobiologi) og krev at du har teke BIO215 Mikrobiologi. Emnet gjev ei innføring i grunnleggjande mikrobiologiske teknikkar og arbeidsmetodar. Laboratorieøvingane gjev erfaring i å anrike, dyrke, isolere, og utføre genetiske analyser av mikroorganismar, óg å undersøkje deira fysiologiske og genetiske eigenskapar og aktivitet, som vekst, metabolisme og interaksjonar. Vidare vil det verte gjeve innføring i mikrobielle analysar av miljøprøvar (vannanalysar) og metodar for identifikasjon av ukjende bakteriar. Emnet skal også gje erfaring i å planlegge, gjennomføre, rapportere og presentere vitskapelege undersøkingar/eksperiment både munnleg og skriftleg. 

Læringsutbyte

Etter fullført emne vert det forventa at studentane:

  • Har god teoretisk og praktisk kunnskap om grunnleggande mikrobiologiske teknikkar og arbeidsmetodar
  • Har praktiske ferdigheiter i dyrking, isolering, karakterisering og genetisk analyse av mikroorganismar
  • Har forståing for korleis mikrobielle undersøkjingar vert planlagt, gjennomført og rapportert
  • Kan behandle data frå mikrobiologiske eksperiment, og gjere naudsynte berekningar
  • Kan presentere mikrobielle undersøkjingar/eksperiment skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

BIO215 Mikrobiologi eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Obligatoriske delar av bachelor i biologi.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit bachelor/masterprogram/ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kursøvingar 16 timar per veke

5 veker

Totalt 80 timar praktisk laboratoriearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent laboratoriejournal.

Vurderingsformer

Laboratoriejournal (tel som 25%). Munnleg eksamen (tel som 75%)

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

5 sp overlapp med MIK200. 5 sp overlapp med MIK203. Ta kontakt med studirettleiar dersom du har eit eller begge av desse emna.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. For å ta eksamen i semester utan undervising må du ha godkjente obligatoriske aktivitetar som er gyldig.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for biologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt studierettleiar ved BIO: studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2017