Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Botanisk systematikk, morfologi og evolusjon

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBIO230
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Norsk dersom kun norsktalande studentar.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår (annakva). Neste gang våren 2019.

Emnet blir ikkje undervist ved lågt studenttal (minimum 6 studentar) og har eit avgrensa tal plassar (max 24). Emnet går inn i undervisningsopptaket.

Mål og innhald

Emnet vil gje studentane ei innføring i mangfaldet hos karplantene med fokus på systematikk og evolusjon. Gjennomgang av evolusjonære slektskapsforhold og morfologiske karaktertrekk for dei viktigaste karplantegruppene inkludert kulturplantane. Det blir lagt særleg vekt på kulturplanter. Studentane vil få praktisk erfaring i grunnleggjande molekylære og fylogenetiske metodar.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane kunna:

* forstå og beskriva plantenes mangfald, evolusjon, klassifisering og utbreiing.

* forstå og beskriva plantenes morfologi frå eit evolusjonært og systematisk perspektiv.

* kjenna igjen og namnsetja eit utval av slekter og viktige plantegrupper.

* gjennomføra molekylærsystematisk arbeid og enklare fylogenetisk analyse.

* utføra botanisk feltarbeid og innsamling av materiale.

Krav til forkunnskapar

BIO101, BIO102.

Tilrådde forkunnskapar

Obligatoriske deler av bachelor i biologi.

Krav til studierett

For å starta på emnet er det krav om ein studieretning knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du fyller opptakskrava.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, laboratorieundervising, ekskursjonar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratorieoppgåver (morfologi og molekylær), munnleg presentasjon og ekskursjonar, inklusive innsamling. Tal på semesteraktivitetane er gyldige: 4.

Vurderingsformer

Mappeevaluering. Fylgjande inngår i mappa:

  1. Godkjent labjournal.
  2. Godkjent prosjektarbeid
  3. Presentasjon av karplantegruppar.
  4. Litteraturquiz.

Kvar del tel 25 %.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Førelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet: studie@bio.uib.no