Hjem

Utdanning

Masteremne

Fiskesjukdommar - Parasittar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeBIO270
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei basal innføring i parasittologi og epizootiologi med spesiell vekt på fiskeparasittane sin livssyklus og verknad på verten (patologi). Diagnostikk, profylakse og terapeutiske aspektar vert gjennomgått.

Læringsutbyte

Gi studentane kunnskap i generell immunologi og ei oversikt over likskapar/ulikskapar mellom immunsystema hos fisk og pattedyr.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført grunnemne i biologi/fiskehelse.

Tilrådde forkunnskapar

MOL100, KJEM100/110, BIO 213 (gamle emner: BIO201, BIO202) BIO280, BIO291

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ekskursjon, kollokvie og laboratoriekurs. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester.

Vurderingsformer

Mappeevaluering av presentasjonar, laboratoriejournalar (30%) og ein munnleg eksamen (70%).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp MAR270

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering + munnleg

    Trekkfrist
    01.11.2017