Fiskesjukdommar - Parasittar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei basal innføring i parasittologi og epizootiologi med spesiell vekt på fiskeparasittar, særleg artar relevante i Norsk akvakultur. Morfologi (identifisering), prøvetaking, Livssyklus og smitteveiar, verknad på verten (sjukdom, klinikk, sjukdomstegn, histopatologi), diagnostikk, kontroll (risikofaktorar, profylakse) og behandling vert gjennomgått.

Læringsutbyte

Kuset skal sette studentane i stand til å gjenkjenne parasittypar, og vite om- og kva risiko dei representerar. Dei skal ha kunnskap om kva sjukdommar dei kan årsake, korleis ein kan unngå smitte og sjukdom, og korleis ein kan behandle.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Fullført grunnemne i biologi/fiskehelse.
Tilrådde forkunnskapar

MOL100, KJEM100/110, BIO 213 (gamle emner: BIO201, BIO202) BIO280, BIO291

Kunnskap om fiskeanatomi, fiskebiologi, evertebratanatomi, histologi og immunologi.

Studiepoengsreduksjon
10 sp MAR270
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til profesjonsstudiet i fiskehelse - akvamedisin og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, laboratoriekurs, studentpresentasjonar og seminar ("kollokvie")
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs, laboratoriejournal, studentpresentasjon på seminar ("kollokvie"), deltaking seminardag(ar)

Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester.

Vurderingsformer
Munnleg eksamen, godkjent laboratoriekurs, journal og studentpresentasjon (på Kollokvium)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervising blir eksamen arrangert tidleg i semesteret.
Litteraturliste

Skriftleg pensum er:

-eit kompendium, som vert oppdatert og nyopptrykt kvart år

-førelesningane (ppt: handouts)

-luseforskrifta

Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Egil E. Karlsbakk
Administrativt ansvarleg
studieveileder@bio.uib.no